Hopp til hovedinnhold

Opna ny sjøkabel til Danmark

– Saman kan Danmark og Noreg bidra til eit meir berekraftig og fornybart Europa, sa H.K.H. Kronprins Haakon da han og H.K.H. Kronprins Frederik av Danmark stod for den offisielle opninga av kraftsambandet Skagerrak 4 i dag.

12.03.2015

Kabelen, som går mellom Kristiansand og Tjele i Danmark, har ein overføringskapasitet på 700 megawatt og ei spenning på 500 kilovolt.

Ny sjøkabel kan forsyne 300 000 nordmenn vinterstid.

Vindkraft frå danske vindmøller

Eit nytt og oppgradert kraftsamband bidreg til ei sikrare straumforsyning og til meir utveksling av fornybar energi.

− De energientusiastar har sett at om vi bruker ressursane våre til å utfylle kvarandre, får vi betre resultat i fellesskap enn det vi klarer kvar for oss. Vi i Noreg får ta del i det danske vindeventyret – og så lèt vi vatnet vårt liggje på lager i dei store dammane når vinden feiar over dei vestjyske kystlinjene. Når så vinden stilnar i Danmark, kan vi i Noreg sleppe laus kreftene i vatnet igjen, sa Kronprins Haakon i talen sin under opninga.

Det fjerde kraftsambandet

Danmark og Noreg har samarbeidd om denne kraftdelinga i 40 år alt, og Skagerrak 4 er det fjerde kraftsambandet mellom dei to landa.

Opningsarrangementet til Statnett og Energinet var felles for begge land og vart overført mellom Noreg og Danmark via storskjerm. Kronprins Haakon var til stades i Tresse i Kristiansand, mens Kronprins Frederik var til stades ved Tjele stasjon nær Viborg.

Betre kraftlinje til næringslivet i Grenland

Arrangementet markerte òg ferdigstillinga av ei kraftlinje på dansk side og utbygginga av Østre korridor på norsk side som er svært viktig for industri og næringsliv i Grenlandsregionen.

Etter opninga fekk Kronprinsen samtale med prosjektleiarane for Skagerrak 4 og Østre korridor, Arbe Strandem og Even Vandbakk, og med Statnetts unge talent Elisabeth Abildgaard og Miroslav Radojcic.

Elevane Hanne Ringvoll og Robert Tarnang frå Vågsbygd vidaregåande skole gjennomførte eit fysisk eksperiment saman med programleiar og fysikar Andreas Wahl. I kveld inviterer Statnett til folkefest i Kristiansand.

Besøkte Viking Development Group

I forkant av opningsarrangementet i Tresse besøkte Kronprinsen Viking Development Group i Kristiansand sentrum, der han fekk høyre meir om dei store utviklingsprosjekta selskapet har stått for.

 

 

 

Fra dansk side: H.K.H. Kronprins Frederik forestår sammen med H.K.H. Kronprins Haakon af Norge den 12. marts 2015 den officielle indvielse af et nyt søkabel mellem Norge og Danmark og to nye højspændingsledninger, der er koblet sammen med forbindelsen. Rettigheder: Michael Bo Rasmussen / Baghuset.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook