Hopp til hovedinnhold

Dronning Margrethe 75 år

I dag deltek Noregs Konge og Kronprinspar i feiringa av Hennar Majestet Dronning Margrethe II av Danmarks 75-årsdag.

16.04.2015

Presis klokka halv ni i dag tidleg lydde det tre kanondrønn over parken på Fredensborg slott på Nord-Sjælland. Kort tid etter kikka Dronning Margrethe ut av vindauget i soverommet sitt og vinka til dei mange frammøtte. Det er tradisjon i Danmark at Dronninga blir vekt offentleg ved store åremålsdagar.

I går kveld var Hans Majestet Kong Harald til stades ved den store gallamiddagen for jubilanten og Det offentlege Danmark på Christiansborgs slott i København.

Amalienborg

Etter morgonvekkinga vart Kong Harald og dei andre kongelege gjestene serverte frukost, før det bar med kortesje inn til København og bustaden til Dronning Margrethe og Prins Henrik på Amalienborg slott.

Klokka tolv gjekk dørene opp, og dagens 75-åring steig ut på slottsbalkongen følgd av sine nærmaste. Ho vart møtt av jubelbrus frå dei mange som hadde komme til Amalienborg for å helse Dronninga på fødselsdagen hennar. Folk ropte og bad Dronninga bli da ho og dei andre Kongelege måtte trekkje seg tilbake for å reise med hest og vogn til Københavns rådhus, der det vart halde lunsj.

Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsen og Kronprinsessa kom til København i føremiddag og følgde saman med Kong Harald hyllesten danskane gav dronninga si.

Krigsbarn

Dronning Margrethe vart fødd under dramatiske omstende 16. april 1940. Danmark hadde få dagar tidlegare vorte invadert av tyske styrkar, og landet var okkupert. Den danske Kongefamilien oppheldt seg i Danmark under heile den andre verdskrigen.

Prinsesse Margrethe var i utgangspunktet ikkje fødd til å skulle bli dronning i Danmark. Men i 1953 vart den danske tronfølgjarlova endra, slik at kvinner kunne arve trona. Dermed vart Prinsessa direkte arving etter Kong Frederik IX, som gjekk bort i 1972.

Blir avslutta med festmiddag

Dronning Margrethe har vorte feira over heile Danmark i fleire dagar. I kveld blir fødselsdagen avslutta med ein stor festmiddag på Fredensborg slott. Kong Harald, Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit vil vere til stades.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook