Hopp til hovedinnhold

Kronprinsparet innefrosne i isen

Kronprinsparet er på forskingsskipet Lance, som ligg innefrose i Polhavet utanfor Svalbard. Isen i Arktis smeltar raskare enn nokon gang. Om bord prøver forskarar å finne ut kvifor og korleis.

22.04.2015

Polarinstituttets forskingsskip Lance ligg i isen i seks månader – frå han frys til i januar til han smeltar utover sommaren. Hovudmålet er å skaffe fleire og sikrare data til modellane som blir brukte til å føreseie korleis forholda i Arktis vil utvikle seg. Akkurat no er skipet frose fast utanfor Svalbard, så nær land at det kan nåast med helikopter. Dermed kunne dei ta imot besøk av DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessen, og klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

For lite kunnskap

Lance fraus fast i isen nord for Svalbard på 83 grader nord i januar og er no ein drivande forskingsstasjon med forskarar frå heile verda om bord. Dei samlar inn data for fullt – også vinterstid, da det finst svært lite data frå Polhavet.

Noko av årsaka til at vi manglar kunnskap om dei fysiske prosessane i havet om vinteren, er rett og slett at det er kaldt og utilgjengeleg. Sjølv om den mørkaste og kaldaste perioden no er over, er dette krevjande forhold å arbeide under.

Meir nøyaktige svar

Iskappa som har dekt Polhavet i Arktis i uminnelege tider, er i ferd med å smelte. Det er dramatisk, og konsekvensane er globale. Ifølgje Norsk Polarinstitutt består isen i Polhavet no hovudsakleg av is som er mindre enn eitt år gammal, mens det inntil for kort tid sidan var fleirårsis som var det normalet.

Kunnskapen frå Lance vil hjelpe oss å føresjå kva som vil skje med havisen i framtida. Manglande kunnskap om kva som skjer med isen, er eit svakt punkt i modellane som blir brukte til å føreseie globale klimaendringar. Dette har relevans for heile verda og er årsaka til at prosjektet har vekt stor internasjonal interesse.

Prosjektet Norwegian Young Sea Ice Cruise 2015 (N-ICE) omfattar ei rekkje fagfelt med relevans for klimaet, som økologi, marinbiologi, meteorologi og oseanografi.

Statsråd Tine Sundtoft var alt om bord da Kronprinsparet kom i dag. Saman fekk dei ei innføring i den viktige forskinga som går føre seg om bord.

Norsk forvaltning

Noreg forvaltar store område i nord og i Arktis. Vi har derfor òg stor eigeninteresse av å vite mest mogleg om kva slags konsekvensar klimaendringane vil få for miljøet, naturressursane, næringsaktiviteten og befolkninga i våre eigne nordområde.

Dataa skal òg bidra til å betre dei meteorologiske modellane våre, i tillegg til å bidra med kunnskap om forsuring av havet og kva som skjer med økosystema.

Ut på isen

Trass i krevjande arbeidsforhold er det dagleg hektisk aktivitet ute på isen omkring Lance – alltid med vakthald i tilfelle det skulle komme isbjørn.

At dette er eit område som er vakkert, men ugjestmildt, fekk Kronprinsparet sjølv erfare da dei fekk ei omvising på nokre av forskingsplattformene som er etablerte rundt skipet. Her måler forskarane blant anna snø- og istjukna for å kunne følgje årssyklusen i korleis snøen og isen påverkar kvarandre.

Forskarane måler kontinuerleg CO2-innhaldet i vatnet, tek plankton- og vassprøver frå djupet og sender opp vêrballongar. Dette er berre noko som må til for å auke kunnskapen vår om

  • forholdet mellom den øvre delen av havet og havisen
  • havisens dynamikk
  • biokjemiske forhold rundt isen
  • kva som skjer med økosystemet i iskanten når isen minkar

og ei rekkje andre tema.

Overnattar ute

I kveld overnattar Kronprinsen og Kronprinsessa på isen ved Lance. Det blir telt og soveposar – og isbjørnvakt.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook