Hopp til hovedinnhold

Offisielt besøk til Brasil

I dag starta H.K.H. Kronprins Haakon eit fire dagars offisielt besøk til Brasil – den viktigaste handelspartnaren vår i Sør-Amerika.

16.11.2015

Kronprinsen blir følgd av næringsminister Monica Mæland og leier ein stor delegasjon med representantar for både handel og næringsliv, olje og energi, klima og miljø, forsking og utdanning. Tradisjonelt har klippfisken vore Noregs største produkt i handelen med Brasil, men i dag er om lag 150 norske bedrifter etablerte i landet, særleg innan petroleum, supplyverksemd og skipsfart.

Velkomst i Brasilia

Kronprins Haakon kom til hovudstaden Brasilia litt etter klokka 11.00 i formiddag (lokal tid) og vart ønskt offisielt velkommen på flyplassen før det første møtet sitt med Brasils visepresident H.E. Michel Temer.

Visepresident Temer og Kronprinsen møttest til samtale om det stadig sterkare samarbeidet mellom Noreg og Brasil på ei rekkje område – blant anna vern av Amazonas, der Noreg bidreg økonomisk. I ei utsegn til pressa etter møtet roste Kronprins Haakon Brasil for framgangen i innsatsen mot avskoginga:

– We also talked about our close bilateral cooperation on combating deforestation. Norway has provided 1 billion US dollars to support Brazil’s impressive progress in reducing deforestation. Brazil is truly a world leader in this area.

Rundebordskonferanse

Etter møte og lunsj med visepresidenten heldt programmet til Kronprinsen fram med opninga av ein rundebordskonferanse om handel og industri. Mange norske aktørar er etablerte i Brasil og gjer store investeringar, og i dag møttest representantar for norske og brasilianske styresmakter og næringsliv for ein diskusjon om rammevilkår og samarbeid.

Kronprins Haakon deltok under opninga av konferansen saman med næringsminister Monica Mæland og Brasils næringsminister Armando Monteiro.

Studentar utan grenser

Kronprinsens siste møte i Brasilia var med ei gruppe brasilianske studentar som nyleg har studert i Noreg. Dei har teke del i Science without Borders – eit av verdas største program for studentutveksling. Heile 360 brasilianske studentar har vore eit år ved eit norsk universitet eller ein norsk høgskole i løpet av dei siste tre åra.

Kronprins Haakon møtte studentane til ein samtale om korleis opphaldet i Noreg hadde vore, og om dei vidare planane deira. Hadde dei hatt nytte av dei norske erfaringane sine etter at dei kom tilbake til Brasil? Kronprinsen ville òg gjerne høyre om dei vidare planane til studentane og om dei hadde forslag til korleis programmet kan bli enda betre.

Program som dette er ei viktig brikke i det internasjonale samarbeidet innan forsking og høgare utdanning. No vil erfaringane til tidlegare studentar vere ei viktig brikke i å rekruttere nye kandidatar til ordninga.

Vidare til Rio

I kveld reiser Kronprins Haakon og følgjet hans til Rio dei Janeiro, der besøket held fram i morgon, tysdag. Kronprins Haakon oppsummerte forventningane sine til reisa slik under pressemøtet i formiddag:

– I am greatly looking forward to the diverse and interesting programme over the next few days, which takes in the broad scope of the relationship between our countries. Tomorrow in Rio, the focus will be on the many business opportunities that Brazil can offer Norwegian companies. On Wednesday and Thursday, in Belém, on sustainable development and the preservation of the environment.

Besøkets første dag fant sted i Brasilia, der Kronprinsen blant annet møtte med visepresident Michel Temer for å diskutere det økende samarbeidet mellom Brasil og Norge, både innen handel og industri og i miljøspørsmål. Produksjon: Caravela Filmes.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook