Hopp til hovedinnhold

Skoleprisen 2015 til Gjøvik

I dag kunne Hennar Majestet Dronninga dele ut Dronning Sonjas skolepris 2015 til Gjøvik videregående skole.

23.11.2015

Dronning Sonja tok initiativet til å etablere denne prisen for inkludering og likeverd i 2005 og står sjølv for utdelinga kvart år. I år gjekk prisen til Gjøvik videregående skole, der rektor Åse Sletten og elevrådsleiar Johannes Smids i dag kunne ta imot prisen på vegner av skolen.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var òg til stades på Gjøvik i dag og talte under utdelinga.

– Skolar som gjer noko bra, og skolar som har utfordringar, burde i enda større grad enn i dag setje seg saman og sjå på korleis dei kan hauste erfaringar og lære av kvarandre, sa kunnskapsministeren.

Og at Gjøvik videregående skole gjer mykje bra, gjekk klart fram da juryeleiar professor emeritus Edvard Befring las grunngjevinga for tildelinga.

Grunngjevinga frå juryen

– Gjøvik videregående har utvikla eit læringsmiljø der alle får realistiske sjansar til å oppleve lærings- og livskvalitet. Skolen har skapt ein læringskultur som byggjer på respekt for utfordringar unge menneske har, og for dei store faglege og personlege utviklingsmoglegheitene deira, seier Befring.

– Eg er imponert over korleis Gjøvik videregående systematisk involverer elevane i skolemiljøarbeidet. Skolen har 60 elevmentorar som blant anna tek imot og følgjer opp nye elevar og tek initiativ til aktivitetar som fremjar tilhøyrsle og tryggleik, uttalte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen da tildelinga vart gjord kjend.

Heile grunngjevinga frå juryen er tilgjengeleg hos Utdanningsdirektoratet via peikaren til høgre.

Omvising

Etter utdelinga vart det høve til ei omvising på skolen. Dronninga og følgjet hennar besøkte både tilrettelagd opplæring, hudpleie- og frisørlinja og ein klasse på design og handverk.

Kriteria for prisen

Dronning Sonjas skolepris skal kvart år tildelast ein skole som har utmerkt seg ved å praktisere likeverd og inkludering.

  • Skolen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med læringsmiljøet til elevane.
  • Skolen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar enkelt elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medverknad, tryggleik og fellesskap.
  • Skolen er kjenneteikna ved positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, og elevane imellom – og ved eit godt samarbeid mellom skole og heim.

Likeverd vil seie at alle elevar skal få oppleve at dei møtest på ein likestilt og verdig måte. Inkludering, som er eit vidare omgrep enn integrering, vil seie at alle skal oppleve at dei er anerkjende deltakarar i skolefellesskapet.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Utdanningsdirektoratet administrerer prisen, og det er Fylkesmannen som nominerer kandidatar blant skolane i sitt fylke.

Prisen er 250 000 kroner og eit tresnitt av kunstnaren Eli Hovdenak. Biletet heiter "Inn i varmen" og er utvikla spesielt for prisen.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook