Hopp til hovedinnhold

Møtte flaumoffer

Ekstremvêret "Synne" ramma Sør-Noreg sist helg. I dag møtte H.K.H. Kronprins Haakon nokre av offera for herjingane til flaumen.

11.12.2015

Det gjekk særleg ut over Agder-fylka og Rogaland. Nedbørsmengdene var svært store, og mange vassdrag fløymde over. Kronprins Haakon besøkte kommunane Bjerkreim i Rogaland og Kvinesdal i Vest-Agder i dag, der øydeleggingane er omfattande. Justisminister Anders Anundsen er med Kronprinsen under besøket.

Seks målestasjonar i Rogaland og Vest-Agder målte over 100 millimeter nedbør på eitt døgn under ekstremvêret "Synne". Ein må tilbake til 1943 for å finne like mykje nedbør på eitt døgn i same område, og "Synne" blir omtalt som ein 200-årsflaum.

Store øydeleggingar

Heldigvis gjekk det ikkje menneskeliv tapt som følgje av "Synne". Men dei materielle skadane er omfattande, og mange måtte sjå heimane sine bli øydelagde. Kronprins Haakon møtte nokre av dei i dag.

Besøkte Feda

Kronprinsen kom til Feda i Kvinesdal med helikopter i dag tidleg. Han ønskte ei synfaring i det flaumramma området, der blant anna Fedabrua vart teken av vassmassane sist helg. Ordførar Per Sverre Kvinlaug orienterte om flaumen i kommunen, og på Feda skole vart det eit sterkt møte med dei som vart ramma, og med leiarane for den lokale beredskapen.

– Det gjer eit svært sterkt inntrykk å sjå skadane. Her har jo vatnet gått langt over breiddene. Det er mange som med rette har opplevd dette som dramatisk, sa Kronprins Haakon, som òg skrytte av lokalsamfunnet og beredskapsarbeidet:

– Eit lite lyspunkt under flaumen er at lokalsamfunnet har stilt opp, og beredskapsarbeidet har fungert bra her i området, sa Kronprinsen

På Tengesdal

I Bjerkreim vart heile kommunesenteret sett under vatn da Bjerkreimsvassdraget fløymde over breiddene sine. Ordførar Torbjørn Ognedal følgde Kronprinsen gjennom det skadde kommunehuset, før dei reiste vidare til gardsbruket på Tengesdal. Her fortalde Aleksander Tengesdal  korleis han fekk evakuert 100 storfe, men nokre vart ståande igjen i fjøset, og to kalvar drukna.

Kronprins Haakon fekk òg møte nabobøndene Jorulf Slettebø og Tormod Hestnes, som tok imot dyra frå Tengesdal da dei vart evakuerte.

 

Vasstanden er på veg ned i dei ramma områda. No ventar eit stort oppryddings- og gjenoppbyggingsarbeid.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook