Hopp til hovedinnhold

Jubileumsmedalje

Kong Harald Vs jubileumsmedalje 1991–2016 er innstifta av Hans Majestet Kongen i høve 25-årsjubileet hans som konge i Noreg den 17. januar 2016.

17.01.2016

Medaljen er tildelt medlemmer av Kongefamilien, medarbeidarar ved Det kongelege hoffet, H.M. Kongens adjutantstab, Den kongelege politieskorten, tidlegare hoffembetsmenn og -kvinner og sentrale myndigheitspersonar som hjelper H.M. Kongen og Kongefamilien i utøvinga av virket deira. I tillegg er jubileumsmedaljen tildelt utanlandske tilreisande gjester.

Utforminga av medaljen

Medaljen er i sølv, 30 mm påmontert lukka krone. Han blir boren i eit høgraudt band med påsydd sølvspange med teksten "1991–2016".

  • Avers:
    Harald Vs høgrevende profil omkransa av teksten HARALD V NORGES KONGE ALT FOR NORGE. 

  • Revers:
    Kong Harald Vs krona monogram H5.


Medaljen er gravert av Ingrid Austlid Rise. Produsent Polath, Tyskland for Reide as.


Ei oversikt over mottakarane av medaljen er å finne som PDF-fil til høgre.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter