Hopp til hovedinnhold

Utnemningar til St. Olavs Orden

H.M. Kongen har utnemnt bildekunstnar Håkon Arnljotsønn Gullvåg til Kommandør og brigader Arne Pran til Riddar av første klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.

22.01.2016

Nærare om utnemningane:

Håkon Arnljotsønn Gullvåg, Trondheim  

H.M. Kongen har utnemnt bildekunstnar Håkon Arnljotsønn Gullvåg til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for hans framifrå innsats som kunstnar.

Overrekking

Dekorasjonen vil bli overrekt ved ei markering i Herrdsalen i  Erkebispegården, Trondheim, laurdag 30. januar 2016  klokka 13.00.

 

Arne Pran, Oslo

H.M. Kongen har utnemnt brigader Arne Pran til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for hans samfunnsnyttige innsats.

Overrekking

Dekorasjonen vil bli overrekt ved ei markering i Den Gamle Krigsskolen – Oslo torsdag 29. januar 2016 klokka 14.00.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter