Hopp til hovedinnhold

Vismennenes dag 2016

I dag samla Kronprinsparet for femte år på rad over 70 unge leiarar på Skaugum til refleksjon om rolla som leiar.

03.02.2016

Deltakarane på Vismennenes dag er unge leiarar frå ei rekkje ulike sektorar, frivillige organisasjonar, offentleg sektor, kulturliv og næringsliv. Gjennom foredrag, gruppearbeid og tid til å reflektere set Vismennenes dag fokus på det å vere leiar og dei store spørsmåla. Det er leiingskonsulentane i Beowulf & Earendel AS som har utvikla opplegget i samarbeid med Kronprinsparet.

Ibsen og leiing

H.K.H. Kronprinsregenten var først opp på scenen, der han fortalde litt om kvifor Kronprinsparet inviterer unge leiarar heim til seg for å snakke om leiing. Den neste ut var ein av arkitektane bak dagen, leiingskonsulent Steinar Bjartveit. Han innleidde om overskrifta i år,  Kongstanken, mykje basert på Henrik Ibsens skodespel Kongs-Emnerne frå 1863.

Helteskikkelsane til Ibsen er kjenneteikna av eit eksistensielt kall. Dei handlar ikkje som dei gjer fordi rolla eller omgjevnadene deira krev det. Dei handlar ut frå ein indre motivasjon, noko dei står for. Kongstanken handlar jo om kva som djupast sett driv oss.

Ibsen rører ved tema som speglar leiingsdiskusjonar i dag, og han fangar til og med noko moderne leiingsteoriar ikkje maktar å forklare. Bjartveits forelesing vart eit utgangspunkt for diskusjonar og gruppearbeid resten av dagen. H.K.H. Kronprinsessa trekte òg inn moment frå forelesinga da ho intervjua tidlegare SV-leiar og finansminister Kristin Halvorsen framfor peisen.

Utfordrande gruppearbeid

Vismennenes dag er ikkje ein dag der deltakarane berre skal sitje og lytte. Gjennom fleire gruppearbeid vart dei utfordra på si eiga rolle som leiar og sin eigen kongstanke med ei rekkje spørsmål: Har vala mine vore indre eller ytre styrte? Kvifor vil eg vere leiar? Kvifor skal nokon følgje meg? Har eg ein kongstanke? Er han til beste for fellesskapet?

Mot slutten av dagen vart tre av deltakarane utfordra til å komme fram og fortelje litt om sin kongstanke og kva slags refleksjonar dei hadde gjort seg gjennom dagen.

Fakta

Vismennenes dag

Trettende dag jul er vismennenes dag. Tidligere hadde denne dagen stor betydning. Dagen handlet om lederskap og verdighet.

Legenden forteller at de hellige tre konger kom fra ulike verdens hjørner og representerte menneskets tre aldre. De var stjernetydere, forskere og herskere. Men, de vant verken berømmelse eller makt. De vant visdom og verdighet gjennom ydmykhet.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook