Hopp til hovedinnhold

Opptakt til OL-festen

Hennar Majestet Dronninga opna nye Norges Olympiske Museum på Maihaugen i kveld. H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit var òg til stades i Lillehammer – dagen før Ungdoms-OL startar.

11.02.2016

Museet viser Noreg som vertsnasjon for to olympiske vinterleikar og lèt dei besøkjande gjenoppleve folkefesten og minneverdige augneblinkar frå meisterskapa i 1952 og 1994. Sentral i utstillinga er ein modell av Lysgårdsbakkene – der Den Høgvørde Prinsesse Ingrid Alexandra tenner elden når Ungdoms-OL opnar fredag. Denne dagen opnar òg museet for publikum.

Delte eigne OL-minne

I opningstalen sin delte Dronninga nokre av sine eigne OL-minne. Blant anna opplevinga av å sjå Stein Eriksen vinne OL-gull i storslalåm i 1952, ein inspirasjon for fleire delar av livet:

–  In 1952, I was fortunate enough to see Stein Eriksen winning the gold medal in giant slalom at Norefjell – at the Olympic Games – quite an experience for a 14 year old girl. At that moment I felt the wonderful sparkle of inspiration, and I started my first nervous efforts at down-hill. Over the years I learned an important lesson – which I think may apply to all aspects of life. That is: Be not afraid of great heights – and try once more, again and again till you reach your goal!

Arrangementet vart leidd av Dan Børge Akerø, og både tidlegare og nye OL-heltar var blant gjestene. Akerø intervjua Bjørn Dæhlie og Stine Lise Hattestad, i tillegg til Ole Edvard Antonsen om det å vere OL-musikar. Antonsen bidrog òg med fleire musikalske innslag i kveld.

På talarstolen var både direktør Jostein Skurdal og styreleiar Børre Rognlien frå Stiftelsen Lillehammer museum, kulturminister Linda Hofstad Helleland og IOCs president Thomas Bach, før Dronninga hadde æra av å stå for den offisielle opninga.

Dronning Sonja og Kronprinsesse Mette-Marit avslutta besøket med ei omvising i utstillinga.

Utstillinga

Det nye museet satsar på interaktivitet i utstillingane. Gjestene på museet kan prøve seg som skiskyttarar i ein eigen simulator, og videoinstallasjonen "Inside the race" skal la publikum kjenne på pulsen og trykket før ein konkurranse. Ei digital avis gjev oversikt over mediedekninga fram mot leikane både i Oslo i 1952 og i Lillehammer i 1994.

OL-historia er full av magiske augneblinkar, og ein kan få mange nostalgiske tilbakeblikk ved hjelp av gjenstandar, bilete og tablå frå leikane i både 1952 og 1994.

Ein modell av Lysgårdsbakkene på Lillehammer er midtpunktet i museet. Bakken får liv gjennom bilete og lyd, og det blir mogleg å gjenoppleve folkefesten, idrettsgleda, fargane og prestasjonane.

Historisk sus

Før flyttinga til Maihaugen låg Norges Olympiske Museum i Håkons hall. Også under opninga i 1997 var Dronninga til stades, den gongen i selskap av Kongen. Museet har som formål å "samle, bevare, formidle, dokumentere og drive forskning i materiale fra den olympiske historie, med hovedvekt på norsk olympisk historie og norsk idrettshistorie generelt".

Det er det einaste museet i Nord-Europa som viser heile OL-historia frå antikken og fram til i dag, ifølgje vertskapet.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook