Hopp til hovedinnhold

Kreftforskningspris til Kjetil Taskén

I dag delte Hans Majestet Kong Harald ut Kong Olav Vs Kreftforskingspris til professor Kjetil Taskén. Taskén får prisen for arbeidet sitt med immunterapi.

06.06.2016

Prisen vart overrekt av Kongen i Gamle festsal ved Universitetet i Oslo (UiO) på vegner av Kreftforeningen. Taskén får prisen for arbeidet sitt med immunterapi, som er typar av kreftbehandling der immunforsvaret blir stimulert til å drepe kreftceller. Premien er på 1 million kroner.

Taskén er professor ved Universitetet i Oslo, og dessutan direktør ved Bioteknologisenteret og ved Norsk senter for molekylærmedisin.

Vi er spesielt glade for å gje prisen til ein forskar som jobbar med immunterapi, som mange meiner er framtidas kreftbehandling. Immunterapi kan bidra til ei behandling som er tøffare mot kreften, men snillare med pasienten. For resultata av behandlinga, der immunforsvaret blir aktivert til sjølv å angripe kreft, gjev håp, sa generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen da vinnaren vart offentleggjord i mars.

Ordførar Marianne Borgen, Stortingets visepresident Marit Nybakk, rektor Ole Petter Ottersen frå UiO og styreleiar i Kreftforeningen Gunn-Elin Aa. Bjørneboe var blant dei som var til stades under utdelinga, i tillegg til generalsekretæren. Patrick Jørgensen og Silje Nergaard stod for dei kunstnarlege og musikalske innslaga.

Kriterium

Kong Olav Vs Kreftforskingsfond vart oppretta 29. april 1992 til minne om Kong Olav V. Fondets kreftforskingspris blir kvart år delt ut til ein kreftforskar som har bidrege til å fremje kvaliteten og omfanget i den norske kreftforskinga.

Vinnaren blir kåra ut frå følgjande kriterium:

  • Kandidaten må ha ein klar kreftrelevans i dei sentrale delane av den vitskaplege produksjonen sin.
  • Sentrale delar av forskingsinnsatsen må vere utført ved ein norsk forskingsinstitusjon.
  • Kandidaten må ha vorte internasjonalt anerkjend for forskinga si.
  • Kandidaten må over tid ha bidrege til å styrkje og byggje opp norske forskingsmiljø gjennom det vitskaplege engasjementet sitt.
  • Kandidaten må ha drive nybrottsarbeid innan fagfeltet sitt.
  • Kandidaten må ha formidla forskingsresultata til ålmenta.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook