Hopp til hovedinnhold

Delte ut nordisk innovasjonspris

H.K.H. Kronprinsen delte ut premiar til vinnarane av Nordic Independent Living Challenge i Oslo rådhus i dag. Konkurransen vil fremje innovasjon som gjer andre sin kvardag litt enklare.

09.06.2016

Målet med Nordic Independent Living Challenge er å løfte fram innovasjon og samarbeid i velferds- og teknologisektoren og dessutan  skape ein felles nordisk marknad for dette. Oppgåva for deltakarane var å finne løysingar som gjev auka livskvalitet og fleksibilitet for eldre menneske og for menneske med nedsett funksjonsevne – noko som arrangørane meiner er ei av de største utfordringane velferdsstaten står overfor. Konkurransen var open for alle, frå nybegynnarar til etablerte bedrifter.

Dusjløysing til topps

I hovudkonkurransen kom det inn 415 bidrag. Det vart seinare redusert til fem finalistar, av dei to norske. Alle har fått sjansen til å teste løysingane sine i dei nordiske hovudstadene. Dei har òg lagt fram ein plan for korleis brukaren kan dra nytte av prosjektet.

AbleOn Medical, som stod for eit av dei norske bidraga, gjekk heilt til topps i kåringa med ei dusjløysing som skal gjere det tryggare å ferdast på badet. Prosjektet er i augneblinken ein prototype, med mål om å komme inn på marknaden i nær framtid.

«Laget bak vinnerbidraget har jobbet med å finne løsninger på noe som mange av oss vil se på som en utfordring på et eller annet tidspunkt i livet. Dette vil øke mulighetene for at folk kan leve lenger i sine egne hjem», heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Fleire vart heidra

Det norske bidraget Assistep, som skal gjere det lettare å gå i trapper, gjekk til topps i kategorien «nordisk samarbeid». Studentprisen gjekk til danske «Siren Smart Sock», som skal forhindre sår på beina som kjem av diabetes.

Nordic Independent Living Challenge er eit samarbeid mellom Nordic Innovation og dei fem nordiske hovudstadene. I år er første gong arrangementet blir halde.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook