Hopp til hovedinnhold

Ope Slott i gang

Laurdag starta publikumssesongen på Det kongelege slottet. Årets utstilling viser sentrale hendingar rundt tronskiftet for 25 år sidan og viktige element i Kongeparets gjerning.

20.06.2016

Så godt som alle av dei 44 omvisingane i helga var utselde – men med omvisingar kvart 20. minutt fram til midten av august er det stadig mange sjansar.

Utstillinga 2016

I år markerer vi at det er 25 år sidan Kronprins Harald og Kronprinsesse Sonja vart Noregs Konge og Dronning. Årets utstilling er vigd jubileet Kongepar i 25 år. Utstillinga fokuserer på hendingane rundt tronskiftet og viktige element i Kongeparets gjerning.

Tronskiftet og signinga

Den 17. januar 1991 klokken 22.15 sovna Kong Olav V inn på Kongssetra. I same augneblink fekk Noreg ny konge, Harald V, og Dronning Sonja vart Noregs første dronning på 53 år. Utover natta og i dagane som følgde, vart Slottsplassen forvandla til eit hav av lys og blomster frå alle dei som ønskte å vise si deltaking.

Gjennom bilete, video, tablå og formidling får publikum oppleve dagane rundt tronskiftet, den høgtidelege eidsavlegginga for Stortinget og signingshøgtida i Nidarosdomen 23. juni.

Kongegjerninga

Etter tronskiftet i 1991 måtte Kong Harald og Dronning Sonja finne si eiga form og meisle ut si gjerning i samspel med nasjonen. I deira tid som Kongepar har Noreg gjennomgått ei rivande utvikling og gjennomlevd store hendingar på godt og vondt. Kongehuset har vore ein del av utviklinga, og Kongeparet har vore nær folket i glede og sorg.

Utstillinga viser glimt frå nokre av desse mange møta. Både i gledesstunder og i alvorlige og tunge tider, som ved naturkatastrofar og etter terroraksjonen 22. juli 2011.

Kongeparet har òg definert sine eigne satsingsområde. Utstillinga viser eksempel på nokre, som arbeidet med klima- og miljøspørsmål, idrett og kultur.

Jubileumsparken

I høve 25-årsjubileet til Kongeparet er det ekstra mykje å sjå og gjere i Slottsparken i sommar.

Det blir leselysthus og bokbytte, utstilling av historiske fotografi og informasjonspaviljongar langs Bredvegen, boulebane og belgplantebed. Den Norske Turistforening har hytter i parken, bemanna fleire dagar i veka, og Kongens Garde inviterer på både drilloppvisning og aktivitetsdagar.

Alle aktivitetar i parken er gratis og opne for alle. Følg peikaren til høgre for meir informasjon.

 

 

 

 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook