Hopp til hovedinnhold

Luftig innviing av Dronningvarden

Hennar Majestet Dronninga innvigde Dronningvarden på 530 meters høgd i dag under ein tur på Stortinden i Nordland.

14.07.2016

Varden, som Dronninga festa ein plakett til, består av to tonn stein. Frå fjellet har ein ei fantastisk utsikt over Vestfjorden, frå Ofoten i aust, nedover Hamarøy og Steigen til Landegode utanfor Bodø i sør. Det er Vesterålen Turlag og Lofoten Turlag som har stått for arbeidet med varden. Turlaga er to av dei største i distriktet og har også stått bak fleire av dei private turane til Dronninga i same område.

Fleire hundre turglade menneske i alle aldrar hadde teke turen opp på fjellet i dag. Like før varden ligg området som blir kalla Salen. Der vart det halde ein seremoni med kulturelle innslag i tillegg til talar. Trond Løkke, leiar Vesterålen Turlag, Vågan-ordførar Eivind Holst og Hadsel-ordførar Siv Dagny Aasvik stod for talane.

I takketalen sin sa Dronninga at ho håpa varden ville vere til inspirasjon for fleire til å komme seg ut på tur i det vakre landet vårt.

Den første i landet

Stortinden ligg i Raftsundet i dei to nemnde kommunane. Det er andre gong Dronninga er på toppen i seinare år. Den nye varden er ikkje berre den første dronningvarden i landet, men har òg vorte eit symbol på Dronningas glede over fjellet generelt og distriktet spesielt.

Det er òg andre gong på kort tid Dronninga er i Nordland, da Kongeparet nyleg besøkte Bodø som ein del av jubileumsreisa si. Dronninga har også tidlegare besøkt denne toppen.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook