Hopp til hovedinnhold

Ønskjer nye helsegründerar velkommen

I kveld deltok H.K.H. Kronprins Haakon på opninga av eit nytt initiativ som vil auke satsinga på gründerar i helseindustrien.

12.10.2016

Ein inkubator er ein organisasjon som skal gje starthjelp til gründerar. Den nye inkubatoren i Forskingsparken, som har fått namnet «Aleap», skal huse inntil 60 innovative gründerar i helseindustrien. Dei skal få tilgang til kompetanse og nettverk i arbeidet sitt for å utvikle helseprodukt.

Helseminister Bent Høie og byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen var blant dei som var til stades under opninga av inkubatoren. Det er Inven2, Oslotech og Oslo Medtech som står bak det nye prosjektet, som har Universitetet i Oslo som næraste nabo.

- Vi forventar at alle som kjem inn i dette miljøet, skal dele erfaringane sine med kvarandre og dermed gje noko tilbake. Slik skaper vi eit godt arbeidsmiljø, sa leiar for inkubatoren Erling Nordbø under opninga.

Fekk sjå nyskapingar

Etter opninga fekk Kronprinsen møte nokre av helsegründerane som skal nytte seg av inkubatoren. Fridtjof Heyerdahl frå Epiguard har utvikla ein kuvøse for transport av smittefarlege pasientar. Jonas Tyssø viste òg fram arbeidet i Cardiaccs, der dei jobbar med hjartesensorar som blir festa direkte på hjartet. Det gjer det mogleg å overvake funksjonen til hjartet under og etter ein hjarteoperasjon.

Inkubatoren håpar å ha 20–40 selskap på plass i løpet av hausten.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook