Première på ny forskningspris
I dag gjesta H.K.H. Kronprinsen Inneklimadagen 2016 i Oslo. Der vart Kronprins Haakons forskingspris for astma og allergi delt ut for første gong.
Prisen går ein forskar som har utvist ein særleg innsats innanfor fagfeltet, og er i regi av Norges astma- og allergiforbund (NAAF). Første gong prisen blir delt ut, blir den òg delt mellom to forskarar.
Kunnskapsrik duo
Håvard Ove Skjerven er spesialist i barnesjukdommar og har forska på årsaker til samansett allergiske sjukdomsutbrot. For tida er han blant anna dagleg leiar av PreventADALL Oslo ved Oslo universitetssjukehus, ein internasjonal studie som blant anna skal undersøkje om enkle tiltak i første leveår kan redusere utviklinga av allergiske sjukdommar.
Den andre prisvinnaren er Jan Vilhelm Bakke. Han er overlege i Arbeidstilsynet og er blant dei som i fleire tiår har følgt nasjonal og internasjonal forsking innan innemiljø og helserelaterte sjukdommar og plager – spesielt astma og allergi. Han bidreg jamleg med kunnskapen sin til styresmakter og fagmiljø.
1,4 millionar nordmenn slit med astma eller allergiar, ifølgje Helsedirektoratet.
Barn og folkehelse
Årleg samlar direktoratet samarbeidspartnarane sine til ein Inneklimadag og ein nettverksarena der det blir presentert fakta, ny forsking, praktisk info om inneklimaarbeid og helsenyheiter. Barn og folkehelse utgjer temaet i år, og hovudbodskapen er at alle barn har rett til eit godt inneklima og eit godt arbeidsmiljø. Under besøket i Helsedirektoratet besøkte Kronprins Haakon stands for NAAF og Norsk forum for bedre innemiljø for barn for å lære meir om arbeidet deira.
Også andre prisvinnarar delte erfaringane sine under Inneklimadagen. I april vart nemleg Nittedal kommune kåra til Noregs beste kommune på eigedomsforvaltning – som blant anna dreier seg om ressursbruk innanfor vedlikehald, reinhald og energiforbruk.
Inneklimadagen er eit samarbeid mellom NAAF, Norsk forum for bedre innemiljø for barn, Direktoratet for byggkvalitet, Utdanningsdirektoratet, Arbeidstilsynet, Nasjonalt folkehelseinstitutt FHI og Helsedirektoratet.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.