Hopp til hovedinnhold

Møtte innovasjonsmiljøet i Stavanger

Gründerånda er sterk i Rogaland. I dag fekk H.K.H. Kronprins Haakon møte delar av innovasjonsmiljøet i Stavanger-området.

16.11.2016

Kronprinsen innleidde besøket sitt på Forus utanfor oljehovudstaden. Sidan oppstarten i fjor har Creator Makerspace tilbode ein felles arbeids- og møteplass for gründerar for å kople innovasjonsmiljøet nærare til industrien.

Syklar og straumsparing

Kronprinsen fekk ei omvising i inkubatoren og dessutan ein presentasjon av selskapet Smart Plants av leiar Sjur Usken. Smart Plants jobbar med å gjere næringsbygg sjølvdrivne, blant anna ved å samle data frå sensorar for å effektivisere straumforbruket. Seinast i oktober vann selskapet «Angel Challenge»-konkurransen i Stavanger.  Her kjempa ulike startups om ei investering på over 1 million kroner.

Undervegs vart det òg møte med Bolder, eit selskap som fordjupar seg i virtuell røyndom, og dessutan med menneska bak Podbike – ein elsykkel med tak som får deg dit du skal ved å bruke berre  1 % av energien som ein bil bruker.

Treffest igjen i Finland

I slutten av november reiser Kronprinsen til Helsinki i Finland, der over 15 000 deltakarar og 1600 oppstartsselskap vil vere til stades på innovasjonskonferansen Slush til idémyldring, promotering og nettverksbygging.

Det vil òg ei rekkje selskap frå Stavanger-området. Hos Innovation Dock, ein av Noregs største samlingsstader for gründerar med sine 3000 kvadratmeter, møttest nokre av desse bedriftene for å drøfte tankar og erfaringar før avreisa saman med Kronprinsen. Nils-Henrik Stokke frå Nettverk Stavanger gav òg tilhøyrarane ein presentasjon av utviklinga av gründermiljøet i regionen.

Kronprinsen lét seg imponere av det han fekk sjå.

– Inntrykket mitt er at det boblar i innovasjonsmiljøet i Stavanger. Det er kjempegøy å få eit tydelegare bilete av kva de driv med. Det at de kjem saman og samarbeider, trur eg er noko av nøkkelen for å lykkast, sa han ved slutten av dagen.

Les meir om Slush-konferansen i peikaren til høgre.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook