Hopp til hovedinnhold

NHOs årskonferanse 2017

I dag var Kronprinsparet til stades på årskonferansen til Næringslivets Hovedorganisasjon der det grøne skiftet var hovudtema.

05.01.2017

«Made in Norway – på jobb for en grønn fremtid» er tittelen på årets konferanse i Oslo Spektrum. Til konferansen kjem både næringsliv, politikarar og andre avgjerdstakarar.

Eit av hovudmåla med årets konferanse er å vise at det er mogleg å redusere klimautslepp samtidig som ein skaper verdiar og arbeidsplassar.

Norske bedrifter alt i gang

Tradisjonen tru var det president Tore Ulstein i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) som både tok imot Kronprinsparet og opna konferansen. I velkomsttalen sin la Ulstein vekt på at mange norske bedrifter alt er i gang med det grøne skiftet og har funne gode berekraftige løysingar. Han delte òg nokre tankar om det som også blir diskutert på konferansen, nemleg korleis både små og store bedrifter no kan ta det neste steget inn i framtida.

Også statsminister Erna Solberg talte på konferansen i dag. Ho la vekt på at Noreg ikkje lenger berre kan lene seg på oljen. Ho oppmoda derfor alle i salen og næringslivet spesielt til å lene seg meir framover. Ho hadde med seg tre ord ho meinte burde kjenneteikne norsk næringsliv i tida framover. Grønt, smart og nyskapande. Marknaden for grøne løysingar blir berre større og større, og ting skjer raskt. Statsministeren var oppteken av at Noreg må komme i forkant.

Møte med unge leiarar

I den første pausen fekk Kronprinsparet møte fleire unge leiarar som deltok på årets konferanse, og fekk eit større innblikk i deira perspektiv på det grøne skiftet. Med Kronprinsparet til stades fekk òg fleire norske bedrifter komme opp og fortelje om korleis dei sikrar både verdiskaping og arbeidsplasser på ein berekraftig måte. Næringslivet er ein stor del av nøkkelen for å få til det grøne skiftet.

I kveld deltek Kronprinsparet på den tradisjonsrike NHO-middagen.

Her er NHOs mål med årets konferanse:

  • Løfte fram bedrifter, naturressursar, teknologi og menneske som løyser utfordringar knytte til befolkningsvekst og klimautslepp.
  • Skape ein debatt om kva som skal kjenneteikne ei vare, ei teneste eller ein idé som er «Made in Norway».
  • Vise at det er mogleg å redusere klimautslepp, samtidig som vi skaper verdiar og arbeidsplassar.
  • Drøfte kva slags leiing og rammevilkår vi treng på vegen mot lågutsleppssamfunnet i 2050.

 

 

Fakta

Instagram

Kongehuset har offisiell konto på Instagram. Der kan du finne bilder fra Kongefamiliens mange oppdrag og møter med mennesker rundt om i landet vårt.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook