Hopp til hovedinnhold

Opna norsk paviljong på BETT

H.K.H. Kronprins Haakon opna den norske paviljongen på BETT 2017 i dag. Norske selskap innan læringsteknologi er i London for å vise seg fram.

26.01.2017

BETT samlar meir enn 40 000 deltakarar i London kvart år, og meir enn 1500 nordmenn er venta til messa i løpet av dei fire dagane ho er open.  Hit kjem lærarar og skoleeigarar frå heile verda for å oppdatere seg på det siste innan læringsteknologi – «Edtech». I dag var òg Kronprins Haakon og Den Høgvørde Prince Andrew, Hertugen av York, gjester på BETT. Kronprinsen stod for den offisielle opninga av «The Norwegian Classroom» inne på messeområdet.

Med IKT-Norge i spissen har i år ei rekkje norske selskap stand i den norske paviljongen. Den norske Edtech-næringa veks raskt. På verdsbasis har dei om lag 60 selskapa vi har i Noreg, meir enn 140 millionar brukarar.

Nye måtar å lære på

Kronprins Haakon kom til BETT saman med Hertugen av York, som viste fram det britiske selskapet SAM Labs. Selskapet fanga Hertugens interesse under Pitch@Palace – eit arrangement som inviterer menneske med gode idear innanfor tech-næringa til å vise seg fram for eit breitt publikum og investorar.

Deretter gjekk turen til den norske paviljongen, der Kronprinsen og Hertugen fekk eit møte med norske Edtech-selskap. Dei fekk òg bli nærare kjende med ein av robotane til No Isolation. Selskapet tilbyr robotar med eit kamera som kan plasserast i klasserommet for å følgje undervisninga for barn som i lengre periodar er forhindra frå å vere til stades i klasserommet. Roboten har både kamera og mikrofon, slik at barna kan snakke med både lærarar og medelevar.

I opningstalen fortalde Kronprins Haakon om besøket sitt ved Teglverket skole i Oslo – ein skole som har komme langt i å ta i bruk digitale læringsverktøy i undervisninga. Digital læringsteknologi er med på å tilpasse undervisninga for kvar enkelt elev på ein annan måte enn tradisjonelle læringsmetodar. Men den rolla læraren har i å leggje opp undervisninga på pedagogisk vis, er viktig både no og i framtida, understreka Kronprinsen.

Eit anna perspektiv er korleis denne teknologien gjer det mogleg å lette tilgangen til utdanning på eit globalt nivå.

– Edtech gjer oss i stand til å nå grupper av barn og unge vi ikkje har kunna nå tidlegare. For eksempel i flyktningleirar eller i område med krig og konflikt, peika Kronprinsen på.

Norske innovatørar på Level39

Mange norske oppstartsselskap ønskjer seg til London, og med bistand frå Innovasjon Noreg er det mange som realiserer draumen. Nokre av dei finn vi i dag på Level39 på Canary Wharf, som var neste stopp for Kronprins Haakon.

Inkubatoren Level39 er eigd av Canary Wharf Group og vart etablert i 2013. Formålet er å stimulere til digital innovasjon. Frå ei sped byrjing har Level39 vakse til å huse meir enn 200 selskap frå 40 land. I dag fekk Kronprinsen ei omvising i lokala i 39. etasje og vart samtidig kjend med dei fem norske selskapa som held til der.

Innovasjon Noreg har eit program kalla Tech City Executive Accelerator (TEA). Det er eit tilbod til selskap med potensial og ambisjonar om å lansere verksemda si globalt. Så langt har 32 norske selskap vore gjennom TEA, som omfattar ein kick-off i Oslo og eit 6 månaders opphald i London. Føresetnaden er at bedriftene har eit produkt i marknaden og er sikra finansiering dei kommande tolv månadene.

Til ein lunsj i restauranten på Level39 fekk Kronprinsen høyre meir om dette programmet og den breie innsatsen Innovasjon Noreg gjer i London.

 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook