Hopp til hovedinnhold

Stella kvinnesenter fem år

For fem år sidan opna H.K.H. Kronprinsessa Stella kvinnesenter i Oslo. I dag var ho tilbake, tydeleg imponert over alt dei har fått til.

16.03.2017

Stella kvinnesenter blir drive av Raudekrossen. Samtidig med at dei no er på plass i heilt nye lokale i Christian Krohgs gate 2, feirar Stella kvinnesenter i Oslo fem år. Tilbake i 2008–2009 sat Kronprinsessa i ei arbeidsgruppe som la idégrunnlaget for kva senteret skulle vere: eit kompetansesenter for kvinner med innvandrarbakgrunn.

Auka kompetanse og nye venner

Stella er ein viktig sosial arena for mange kvinner. I tillegg er det eit hovudmål å bidra til å få minoritetskvinner ut i jobb eller utdanning. Berre i 2016 hadde Stella nesten 6500 ulike brukarar. For å gjere dette mogleg har også meir enn 180 frivillige gjort ein innsats.

Gjennom dei fem driftsåra har tilboda på senteret utvikla seg i tråd med behova og ønska til deltakarane. Resultata er betre psykisk og fysisk helse, kompetanseheving, auka demokratiforståing og eit større sosialt nettverk. Tilbakemeldinga er at brukarane opplever auka meistring og ser at dei kan bli ein større ressurs for eigne barn, familie og i samfunnet elles.

Kursa senteret tilbyr, er svært varierte og ofte heilt fullteikna. Det strekkjer seg frå jobbrettleiing til norskkurs på ulike nivå, lesesirklar, nyhende på norsk, skrive- og lesetrening og avslappande yoga.

Saman med ordførar Marianne Borgen møtte Kronprinsessa tilsette og brukarar ved Stella. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

 
Her finst òg ein kafé som er open alle kvardagar frå 10.00 til 15.00, slik at ein kan møtast og bli kjend med andre over ein matbit eller ein kopp kaffi.

Kronprinsesse Mette-Marit fekk høyre om både tilbod og erfaringar før ho fekk ei omvising i lokala. Til slutt var det bursdagskake, og Kronprinsessa fekk ta plass i sofakroken og snakke med kvinner som bruker senteret flittig.



Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook