Bispevigsling i Stavanger
Hans Majestet Kongen var til stades da Ivar Braut vart vigsla til biskop i Stavanger søndag føremiddag. Han er den tiande biskopen i Stavanger bispedømme sidan det vart oppretta i 1925.
Vigslingsgudstenesta i Stavanger domkyrkje vart forretta av leiaren for Bispemøtet, preses biskop Helga Haugland Byfuglien.
– No er du kommen til eit punkt der du vil få det store utsynet, som ved Jærens strender, men òg erfare dei krevjande situasjonane der landskapet blir uoversiktleg og vanskeleg å manøvrere i. Da vil du få god nytte av evna di til å stå lange distanser, sa biskop Byfuglien i helsingstalen sin.
Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Ivar Braut kjem frå stillinga som sokneprest i Birkeland kyrkje i Bergen, og han har tidlegare vore prost i Sunnhordland prosti. I preika si tok den nyvigsla biskopen utgangspunkt i evangelisten Lukas 11,14-28.
Biskop Braut overtek etter Erling Pettersen, som gjekk av for aldersgrensa før jul i fjor.
Under gudstenesta var Stortingets Presidentskap representert ved femte visepresident Line Henriette Holten Hjemdal.
Etter gudstenesta i Stavanger domkyrkje var Kong Harald til stades under ein lunsj i Stavanger hall til ære for den nye biskopen. På menyen stod bakt kveite frå Hjelmeland.
Bispedømme sidan 1925
Rogaland vart skilt ut som eit eige Stavanger bispedømme 1. januar 1925. Det resterende Kristiansand stift fekk namnet Agder bispedømme og omfattar fylka Aust-Agder, Vest-Agder og Telemark. Da hadde ikkje Stavanger hatt noko bispesete sidan 1682.
Stavanger Gospel Company song under lunsjen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Aktuelle saker
Åpnet Norsk Folkehjelps påskeberedskap
Deres Kongelige Høyheter Kronprinsregenten og Kronprinsessen åpnet årets påskeberedskap for Norsk Folkehjelp i dag. – Vi er imponert over arbeidet dere gjør - spesielt nå i påsken, sa Kronprinsparet til de frivillige.
Gjekk Ridderrennet
Den Høgvørde Kronprins Haakon var denne helga til stades på Beitostølen der Ridderrennet markerte sitt 60-årsjubileum. Saman med Gustav på 14 år gjekk Kronprinsregenten det tradisjonsrike langrennet.