Avfall blir drivstoff
Norske Skog ønskjer å vere ein viktig motor i det grøne skiftet. I dag opna Hans Majestet Kongen det nye anlegget for biogass og nanocellulose til Saugbruksforeningen i Halden.
Norske Skog Saugbruks opna portane i dag, slik at også publikum kunne ta del i opninga av dei to nye bioanlegga ved fabrikken. Etter opningsseremonien fekk Kong Harald ei omvising i fabrikkanlegget.
– Det går føre seg ei utstrekt forsking og utvikling ved alle fabrikkane til Norske Skog i inn- og utland som vil gje oss heilt nye produkt i åra som kjem, sa Sven Ombudstvedt, konsernsjef i Norske Skog.
Biogass til tungtransport
Det nye biogassanlegget har vore under bygging i nesten to år, og Norske Skog Saugbrugs har investert 150 millionar kroner i prosjektet. Anlegget er bygd i tilknyting til det eksisterande reinseanlegget og vil bruke bioavfall frå papirproduksjonen til å produsere fornybar energi.
Sven Ombudstvedt og Kjell Arve Kure heldt snora da Kong Harald opna anlegget. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Det nye anlegget vil gje inntekter frå sal av biogassen, i tillegg til å redusere kostnadene ved papirproduksjonen. AGA leverer biogass til bussar og lastebilar og vil vere den største kunden. Om lag 70 tunge køyretøy vil bruke drivstoffet frå Saugbrugsforeningen, noko som gjev reduserte CO2-utslepp på om lag 6500 tonn kvart år.
Norske Skog planlegg å byggje biogassanlegg på fleire av fabrikkane sine. Det styrkjer konkurranseevna til fabrikkane og er ein del av arbeidet med å forbetre drifta.
Nanocellulose
Nanocellulose er eit fornybart produkt og har fleire interessante bruksområde. Det kan for eksempel brukast til å forsterke papirbaserte produkt, erstatte plastprodukt eller til fortjukkingsmiddel i for eksempel måling.
Kong Harald på omvising i det nye bioanlegget til Norske Skog Saugbrugs. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Prosjektet er støtta av både Enova og Innovasjon Noreg, i tillegg til Sparebank 1 Gruppen og lokale aktørar.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.