Opna historias første SHIFT
H.K.H. Kronprinsen var ein av dei første på scenen da historias første SHIFT gjekk av stabelen i Oslo i dag.
SHIFT er ein konferanse med utspring i nettstaden Shifter, som følgjer det norske gründer- og techmiljøet tett med både artiklar, bloggar og videoar. Gründerane bak Shifter ville lage den konferansen dei sjølve ville gått på.
For techgründerar i inn og utland
Da journalistane Lucas H. Weldeghebriel og Per-Ivar Nikolaisen starta det norske nettstaden Shifter for om lag eitt år sidan, var det fordi dei såg behovet for vise fram norske start-up-bedrifter og alt det spennande som skjer innanfor techsektoren i Noreg.
Denne motivasjonen fortalde dei om i velkomsttalen sin, før dei introduserte opningstalaren – Kronprins Haakon.
Kronprinsen fokuserte på kor viktig det er at Noreg finn nye vegar å gå for å skape verdiar i framtida. Techsektoren og gründerar som tør å satse, er avgjerande for å få dette til. Kronprinsen la ikkje skjul på beundringa si for dei som både ofrar og risikerer mykje for å gjere ideane sine til røyndom.
Både Kronprins Haakon og Oslo-ordførar Marianne Borgen var til stades under opninga på Edderkoppen i Oslo. Foto: Gry Traaen
Hardt arbeid - og einsamt
Det er hardt arbeid å starte eit selskap, og mange gründerar har dei same utfordringane. Eit viktig mål med SHIFT er å kople dei saman. Nokre av gründerane på konferansen har mykje erfaring og driv solide selskap, mens andre er heilt i startgropa. Gjennom å dele erfaringar, teknologi og nettverk kan dei komme eit skritt vidare, og nye prosjekter blir skapte. Det er ønsket til grunnleggjarane at alle deltakarar dreg frå konferansen med nokre konkrete verktøy i lomma.
Du finn meir informasjon om SHIFT via lenkjelista.
Aktuelle saker
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.