Hopp til hovedinnhold

Årsmøte i Det Norske Videnskaps-Akademi

H.K.H. Kronprins Haakon var i går til stades på årsmøtet i Akademiet på Grand Hotel i Oslo. Tre forskingsprisar og ein lærarpris vart delte ut.

04.05.2017

Preses Ole M. Sejersted i Det Norske Videnskaps-Akademi ønskte den festkledde forsamlinga velkommen og heldt ei forskingspolitisk innleiing. Han understreka kor viktig det er at forskinga er fri, og oppmoda forskarar til å engasjere seg i samfunnsdebatten i ei tid med alternative fakta.

31 nye medlemmer vart i år valde inn i Akademiet. Det vart ei høgtideleg overlevering av diplom til dei nye medlemmene som var til stades, mens generalsekretær Øystein Hov las opp den store breidda av forskingsfelt dei har merkt seg ut i.

Fridtjof Nansens belønningar

Til saman fire prisar vart delte ut under årsmøtet på Grand Hotel.

Fridtjof Nansens belønning for framståande forsking vart overrekt Trond Helge Torsvik frå Universitetet i Oslo. Han fekk prisen for forskinga si innan geofysikk.

Dr. Jannike Solsvik frå Institutt for kjemisk prosessteknologi ved NTNU fekk Fridtjof Nansens belønning for yngre forskarar for si forsking innan væskedynamikk.

Pris til bergenslærarar

Det Norske Videnskaps-Akademis Lærerpris for 2017 gjekk til Terje Pedersen, Linn-Merethe Kibsgard Godfrey og Anne-Marit Selstø Rathke ved Rothaugen skule i Bergen. Prisvinnarane set eleven i sentrum og stimulerer til at elevane kan engasjere seg best mogleg, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Stefi og Lars Fylkesakers stiftelses pris for framståande humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking (Fylkesakerprisen) gjekk til Annelin Eriksen og Knut Mikjel Rio ved Universitetet i Bergen. Dei fekk prisen for forskinga si innan sosialantropologien.

Akademiet 160 år

Årsmøtet vart lagt til 3. mai, som er stiftingsdatoen til Akademiet og fødselsdagen til Kong Karl IV (Carl Ludvig Eugen). Han var konge i Noreg frå 1859 til 1872 og Videnskaps-Selskabets beskyttar frå starten i 1857.

Etter prisutdelinga heldt tidlegare president i Royal Society og nobelprisvinnar i medisin og fysiologi i 2001 sir Paul Nurse eit foredrag med tittelen «Making Science Work». Den norske musikkgruppa Trio de Janeiro underheldt med bossanovarytmar mellom programpostane.

Kvelden vart avslutta med ein festmiddag der redaktør i forskning.no, Nina Kristiansen, heldt hovudtalen.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook