Hopp til hovedinnhold

Gratulerer med dagen!

Kongefamilien inntok sin tradisjonsrike plass på Slottsbalkongen for å helse barnetoget 10.30. Da hadde Kronprinsfamilien alt møtt barnetoget i Asker, som passerte Skaugum 08.15.

17.05.2017

Oslo kommune melde om at rekordmange skular var påmelde til toget i år: 121 skular gjekk gjennom byen med faner og flagg. Tradisjonen tru er det skular med jubileum som fører an, og i år var det Kjelsås skule som hadde æra av å vere først i toget. Kjelsås skule fyller 100 år i år. Rett bak dei kjem Klemetsrud skule, som feirar 150 år, og Sørkedalen, som feirar 175 år.

Det er barn og ungdommar frå 121 skular i barnetoget i Oslo i år. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix


Gardemusikken avsluttar som alltid toget i Oslo – etter planen klokka 13.30.


Kronprinsen og Kronprinsessa og familien helsa skulebarna i Asker utanfor Skaugum i dag tidleg. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Flere bilder er tilgjengelig i bildekarusellen og via pekeren til eget fotoalbum med bilder av Kongefamilien 2017.

Historia

Det var Kong Haakon og Dronning Maud som innstifta skikken med å helse barnetoget i Oslo frå Slottsbalkongen. Skikken vart etablert i 1906 har vore halden i hevd alltid sidan. Dei einaste unnataka var i 1910, da Dronning Mauds far, den engelske Kong Edward, vart gravlagd, og i krigsårene 1940–1944.


Kong Harald helsar for første gong frå Slottsbalkongen ved ei 17. mai-feiring, 1938. Slottets fotoarkiv.


I dag er 17. mai og barnetoget nesten synonyme omgrep, men slik har det ikkje alltid vore. Du kan lese meir om 17. mai og feiringa av dagen via peikarane i lenkjelista.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook