Hopp til hovedinnhold

Linstows stalldør

Da handverkarane slo seg gjennom veggen 23. mai, var det ikkje første gong ein kunne gå frå hallen i Slottet og ut i Parkvegen. Da stallen stod ferdig i 1849, var det ei dør akkurat her.

30.05.2017

Slottsarkitekten, Hans Ditlev Franciscus Linstow, teikna ikkje berre sjølve Slottet. Han teikna òg stallanlegget til Slottet – i tillegg til å vere sterkt involvert i planlegginga av byen som voks fram omkring.

Ein stall for 40 hestar

Den første tanken til Linstow var å leggje stallane ved Nisseberget – omtrent der gartneriet til Slottet ligg i dag. Men dette ville krevje store sprengingsarbeid og bli altfor kostbart. Dermed vart planen endra, og Linstow teikna ein stall for 40 hestar i den andre enden av dagens Slottspark – ut mot Parkvegen.


Hos Oslobilder.no finst dette biletet av Parkvegen i 1866. Da er døra framleis på plass. Biletet høyrer til Oslo Bymuseum, fotografen er ukjend Hos Oslobilder.no finst dette biletet av Parkvegen i 1866. Da er døra framleis på plass. Biletet høyrer til Oslo Bymuseum, fotografen er ukjend

 
Stallen vart bygd om i 1908–1911, men den delen som stammar frå Linstows tid, er bevart i tilnærma opphavleg utforming. Fasaden har ein svakt framskytande midtrisalitt som er prega av eit tredelt vindaugsparti som går over to etasjar.

Men døra, som var plassert i midtre felt, vart fjerna omkring 1896. No blir døra etablert på nytt som eit ledd i rehabiliteringa av Den kongelege stallen. Ho skal få ny funksjon som publikumsinngang til Dronning Sonja KunstStall.


Kong Harald ville selv være til stede da veggen til Midtstallen ut mot Parkveien ble åpnet. Foto: Liv Osmundsen og Nina Ilefeldt, Det kongelige hoff 

 

**

Bildet av Parkveien i 1866 er lisensiert under en Creative Commons 3.0 lisens

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Fakta

Arrangementer i KunstStallen 

Dronning Sonja KunstStall har sin egen side på Facebook. Her vil du finne nærmere informasjon om utstillinger og arrangementer i Dronning Sonja KunstStall.