Hopp til hovedinnhold

Initiativ for å redde regnskogen

Hans Majestet Kongen var til stades på lanseringa av Interfaith Rainforest Initiative i dag. Religiøse leiarar frå ulike trussamfunn og representantar for urbefolkninga i ei rekkje land deltok.

19.06.2017

Religiøse leiarar frå heile verda var samla på Nobels Fredssenter i Oslo for å lansere det nye initiativet. Representantar for urbefolkninga i ei rekkje land var òg til stades for å diskutere samarbeid til beste for regnskogen.

Ulike religionar – felles ansvar

Dei ulike religionane i verda har stor påverknad på befolkninga på kloden. Gjennom å spreie kunnskap til kyrkjelydane sine via kyrkjer, moskear og tempel når dei ut til svært mange menneske. Sjølv om religionane er ulike på mange måtar, ønskjer ein med Interfaith Rainforest Initiative å samlast om eitt felles mål: å redde regnskogen. Og dette var dagens tema: Kva slags åndeleg og etisk ansvar har religionane i arbeidet med å redde regnskogen, og korleis kan dei gjennom dialog best mogleg bidra til å stoppe avskoginga.


Religiøse leiarar og representantar for urbefolkninga i fleire land er samla for å danne eit felles initiativ for bevaring av regnskogen. Foto: Lise Åserud, NTB scanpix.

Avskoginga av regnskogen går nemleg svært raskt. Verdas grøne lunger blir ifølgje Klima- og miljødepartementet hogde ned med eit område på storleik med Austerrike kvart einaste år. Dette kan ikkje halde fram, og det er denne utviklinga dei ulike religiøse retningane no vil samarbeide med urbefolkninga om å snu.

Det er no sett av to heile dagar der gruppa skal diskutere fram ein strategi for det vidare arbeidet og skape eit initiativ vi kjem til å høyre meir frå i framtida.

Vertskap for dagens møte var FNs utviklingsprogram UNDP, Regnskogfondet og Klima- og miljødepartementet.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook