Hopp til hovedinnhold

Skulpturlandskap Nordland 25 år

Hennar Majestet Dronninga besøkte laurdag Henningsvær og utstillinga PAINTING OR NOT på KaviarFactory – eitt av mange arrangement i jubileumsåret til Skulpturlandskap Nordland.

15.07.2017

Utstillinga består av verk av 39 kunstnarar frå heile verda.

Samtidskunst i Henningsvær

PAINTING OR NOT viser ei breidde av notidige samtidskunstnarar og ønskjer å trekkje liner frå kunsthistoria frå 1960-talet og fram til i dag.

Det er ein parallell til etableringa av Skulpturlandskap Nordland, der målsettinga nettopp var å vise internasjonal samtidskunst i den fantastiske nordlandsnaturen.

Skulpturen «Mannen frå havet» av kunstnaren Kjell Erik Killi Olsen står ved Vinjesjøen i Bø i Vesterålen. Foto: Bjørn Jørgensen, SamfotoSkulpturen «Mannen frå havet» av kunstnaren Kjell Erik Killi Olsen står ved Vinjesjøen i Bø i Vesterålen. Foto: Bjørn Jørgensen, Samfoto

 
Jubileumsprogrammet har blant anna bestått av jubileumsfeiring i Vesterålen i mai, og i oktober blir det utgjeve ei ny bok om den internasjonale skulptursamlinga.

Utandørs samling

Skulpturlandskap Nordland består av 35 verk plasserte i kommunar over heile Nordland fylke, pluss ein i Troms.

Dronninga opna det første kunstverket på Vega i 1992 – «En ny samtale» av den finske kunstnaren Kain Tapper. Ho opna òg det siste verket på Træna i 2015 – «A song, a prose, a poem look yonder» utført av Anawana Haloba frå Zambia og Noreg.

Den norske kunstnaren Anne Katrine Dolven lanserte i si tid ideen om at Nordland skulle få si eiga samling samtidskunst, med éin skulptur i kvar kommune. Dolven var òg til stades på KaviarFactory laurdag.

Norske samtidskunstnarar

KaviarFactory er ein visingsstad for kunst i Henningsvær. Etter den offisielle markeringa av utstillinga fekk Dronning Sonja ei omvising i utstillinga av Venke Hoff, som driv KaviarFactory.

Sju av kunstnarane som medverkar til utstillinga, kjem frå Noreg: Gardar Eide Einarsson, Ole Jørgen Ness, Ida Ekblad, Eirik Senje, Josefine Lyche, Mikael Brkic og Henrik Olai Kaarstein.

Venke Hoff viser Dronninga rundt i utstillinga PAINTING OR NOT. Foto: Susanne Forsland, Nordland fylkeskommuneVenke Hoff viser Dronninga rundt i utstillinga PAINTING OR NOT. Foto: Susanne Forsland, Nordland fylkeskommune

 KaviarFactory er ein visingsstad for internasjonal samtidskunst i Henningsvær i Lofoten. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffetKaviarFactory er ein visingsstad for internasjonal samtidskunst i Henningsvær i Lofoten. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter