Hopp til hovedinnhold

Dramatisk finaledag i segle-VM

Hans Majestet Kongen og mannskapet på «Sira» enda til slutt på 5. plass i sin klasse, og 6. plass samanlagt, under VM i segling for 8-meterar på Hankø i Østfold.

21.08.2017

Verdsmeisterskapet vart avslutta med to seglasar laurdag. Det var venta ein vindstyrke på opp mot 20 knop.

Kraftig vind og knekt mast

Tre norske båtar var framleis med i medaljekampen før siste regattadag, inkludert Kongens «Sira».

Masta på «Sira» knakk under siste seglas. Mastehavariet sende Kongen og mannskapet nedover på resultatlistene, men ingen personar vart skadde.

Kongen var ikkje sjølv om bord under seglasane på laurdag.

Kongen og mannskapet på «Sira» (t.v.) under andre regattadag. Foto: James Robinson Taylor/KNS/Hankø Yacht Club

 
Mange av båtane som ikkje hadde sjansen til å kjempe i toppen, valde å stå over laurdagens seglasar på grunn av dei vanskelege forholda.

Dronninga delte ut premiane

Laurdag kveld var Kongeparet og Prinsesse Astrid til stades på premieutdelinga på Hankø.

Dronning Sonja delte ut premiane til dei beste seglarane. Lars Ingebergs «Wanda» styrte inn til 3. plass totalt under VM på heimebane – og vart nummer to i klassen Sira for klassiske 8-meterbåtar bygde før 1968.

Britiske «Miss U» og austerrikske «Pandora» tok 1. og 2. plass. Austerrikske «Pandora» vann òg Sira-cupen som Kongen var med å konkurrere i.

Frå premieutdelinga laurdag. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook