Hopp til hovedinnhold

Teknologi for smarte samfunn

Kronprinsparet besøkte teknologibedrifta eSmart Systems i Halden i dag. Dei ønskte å lære meir om arbeidet bedrifta gjer innan digital intelligens og såkalla smarte samfunn.

30.08.2017

I simulatorsenteret i bedrifta gav direktør Knut Johansen ein introduksjon om bedrifta og den rivande utviklinga som skjer. Kronprinsregenten og Kronprinsessa fekk eit innblikk i korleis ein nyttar teknologien til å utvikle digital intelligens for energibransjen og smarte samfunn.

Drone

Etter ei innføring om kunstig intelligens frå eSmarts direktør i maskinlære Davide Roverso fekk Kronprinsparet ein demonstrasjon av korleis kunstig intelligens fungerer i praksis. Ein drone kom flygande inn i simulatorsenteret. Denne dronen er koda til å kjenne att ansikt. Etter kort tid stoppa den opp framfor Kronprinsparet og markerte på ein storskjerm kven det var som sat framfor den flygande dronen.


Dronen kjende raskt att Kronprinsparet. Foto. Lise Åserud, NTB scanpix.

Kronprinsparet fekk òg prøve seg på å leggje inn informasjon for å auke dronens digitale intelligens.

App for funksjonshemma

Sven Erik Tønnesen i selskapet Smart Cognition og sonen Erik fortalde Kronprinsparet om korleis kunstig intelligens kan nyttast for å leggje til rette for friluftsliv for utviklingshemma.

– Vi har laga ein app som er tilrettelagd for funksjonshemma som baserer seg på friluftsliv, kommunikasjon og sosialt samvær. Dette har vi gjort for å sikre at utviklingshemma får ta del i den teknologiske utviklinga, og at barrierane mot samfunnet elles ikkje blir enda høgare, fortalde Tønnesen Kronprinsparet.

På appen kan ein finne turar som passar. Så langt er det åtte stader, men ifølgje Tønnesen vil dette talet auke.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook