Hopp til hovedinnhold

Markerte Skamlausdagen

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit var i dag til stades på ein heildagskonferanse om skam og seksualitet på Riksscenen i Oslo i høve Verdas seksuelle helsedag.

04.09.2017

Konferansen samlar 250 deltakarar og blir arrangert av ungdomsklinikken Sex og samfunn.

Kvart år besøkjer 25 000 unge klinikken i Oslo. I fjor fekk 7500 tiandeklassingar seksualundervisning der.

– Vi har 6000 chatsamtalar med unge i året. Mange skammar seg, dei føler seg ikkje bra nok, sa Maria Røsok, leiar av ungdomsklinikken Sex og samfunn. Ho ønskte helsearbeidarar og andre som jobbar med unge til dagleg, velkommen til konferanse. I ei tid der kroppspresset er høgare enn nokon gong, er det viktig å fjerne skamma. – Det dei føler, er ikkje uvanleg, sa Røsok.

Fridom frå skam

Programmet starta med ein samtale mellom Oslo-ordførar Marianne Borgen og dagens konferansier, komikar Else Kåss Furuseth. Kva skammar folk seg over i storbyen Oslo? Korleis kan vi gjere hovudstaden til ein skamlaus by?

Journalist og forfattar Kathrine Aspaas er sjølverklært skamnerd og presenterte ny forsking om skam – vegen ut av skam er å våge å vere sårbar.

Kronprinsesse Mette-Marit helsar på leiar Maria Røsok og nestleiar Tore Holte Follestad i ungdomsklinikken Sex og samfunn. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix

 
Deltakerne samles til fagdag under parolen «Frihet fra skam, frihet til å velge».

Skamlausprisen blir delt ut

I ettermiddag fortsette programmet med utdeling av årets Skamlauspris.

Kronprinsesse Mette-Marit møtte finalistane Andrea Voldum og June Holm (Vi-Tror-Deg-Stiftelsen, for dei som har vorte utsette for valdtekt og overgrep), Ellen Støkken Dahl, ein av forfattarane bak boka «Gleden med skjeden», og slam-poet Sofie Frost.

Skamlausprisen feirar enkeltpersonar, organisasjonar eller grupper som jobbar for å fjerne skam rundt tema knytte til seksualitet.

Dei skamlause minoritetsjentene Nancy Herz, Sofia Nesrine Srour og Amina Bile vart tildelte Skamlausprisen for 2016.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook