Hopp til hovedinnhold

200 elevar frå 90 land

H.M. Dronning Sonja vitja den internasjonale skulen UWC Røde Kors Nordisk i Fjaler for tiande gong i går.

22.09.2017

Dronninga er United World College i Fjaler sin høge beskyttar og har følgt skulen tett sidan starten i 1995.

United World College er ei global utdanningsrørsle som samlar ungdom frå over 100 land på 17 vidaregåande skular verda over. Den nordiske skulen ligg idyllisk til i enden av ein fjord i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.

Kunst og forteljingar rundt bålet

Dronning Sonja vart vist rundt på området for å sjå ulike aktivitetar i utdanninga som skal fremje inkludering.

Mean Pring frå Kambodsja og Rodrigo Freitas frå Portugal viste Dronninga rundt i kunstutstillinga i «Naustet». I ein gamme, enkel jordhytte, satt born rundt bålet og delte forteljingar. Borna er pasientar ved Haugland Rehabiliteringssenter som ligg i nær tilknyting til skulen.


Dronninga kjem ut av ein gamme etter samtale med born rundt bålet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoff

På vandringa stoppa Dronninga ved ei hinderløype og eit utstyrslager for funksjonshemma, ein ballbinge og ved bakehuset som er under bygging.

Kultur frå alle verdshjørne

Kvelden vart avslutta med middag og eit fantastisk kulturprogram i auditoriet. Det var heile 13 kulturelle innslag – med alt frå tradisjonell norsk gamaldans og klassisk pianospel til kinesisk diktlesing og georgisk folkesong, alt laga av elevane.

Eleven Vicky Aposolou frå Hellas overrekte eit bilete og bursdagskort til Dronninga i høve 80-årsdagen tidlegare i år.

Programmet fortsett i dag med eit besøk til rehabiliteringssenteret for ein presentasjon av utviklingsplanane til staden.

Dronninga skal òg besøke Snikkerbua ved skulen for ein samtale med fem elevar frå Irak, Kambodsja, Thailand, Nepal og Vest-Sahara. Dei byrjar på skulen eit år tidlegare fordi dei har avbrote studiane i heimlandet på grunn av krig, konflikt og andre årsaker.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook