Hopp til hovedinnhold

"Store formater – kloge hænder”

Hennar Majestet Dronninga opna i dag ei utstilling som heidrar verksemda ved Tommerup Keramiske Værksted gjennom 30 år. Eitt av verka som blir stilte ut på CLAY, er av Dronninga sjølv.

01.10.2017

Utstillinga ved kjeramikkmuseet CLAY i Middelfart viser kunstverk laga av nokre av dei mange kunstnarane som har arbeidd ved Tommerup Keramiske Værksted desse 30 åra. Det er mykje å velje mellom – over 1200 prosjekt har vorte utførte hos Tommerup i denne perioden.

"Det er ei forteljing om kompromisslaus kamp for kunsten – og for keramikkens plass i kunstverda. Ho er eit tidsbilete og ei påminning om alt som keramisk kunst kan romme."

– Utstillinga er ei spennande vandring gjennom 30 års historie. Det er ei forteljing om kompromisslaus kamp for kunsten – og for keramikkens plass i kunstverda. Ho er eit tidsbilete og ei påminning om alt som keramisk kunst kan romme, sa Dronning Sonja i opningstalen sin.


Frå CLAYs utstilling om verksemda ved Tommerup Keramiske Værksted. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

I tillegg til kunstverk frå dei siste 30 åra blir det vist 15 nye verk laga ved Tommerup Keramiske Værksted i løpet av 2017. Utstillinga er sett saman av keramiske arbeid laga av kunstnarar som Peter Brandes, Bjørn Nørgaard og Kirsten Justesen.

Dronninga stiller ut 

Dronninga har sjølv hatt gleda av å arbeide hos Esben Lyngsaa Madsen og Gunhild Rudjord ved Tommerup, og eitt av de keramiske verka som blir presenterte i utstillinga, er laga av Dronning Sonja.


Også eit keramisk arbeid av Dronning Sonja inngår i utstillinga. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

 

Dronningas personlege erfaring og engasjement sette da òg sitt preg på dagens opningstale:

– Eg kjenner meg òg djupt personleg takknemleg for at eg ved fleire høve har vore så heldig å få skape hos dykk – og slik sett har fått vere med på ein liten del av reisa dykkar, sa Dronninga.

"Eg kjenner meg òg djupt personleg takknemleg for at eg ved fleire høve har vore så heldig å få skape hos dykk"

Internasjonal særstilling

Tommerup Keramiske Værksted har gjennom arbeidet sitt oppnådd ei særstilling internasjonalt innan framstilling av keramisk kunst i store format. Mange store utsmykkingar og skulpturar i det offentlege rommet er skapte der. 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook