Kongen møtte flaumramma
Hans Majestet Kong Harald møtte i dag ei rekkje av dei som vart ramma av dei to store flaumane på Sørlandet i oktober. Store område vart sette under vatn da kraftige regnvêr ramma landsdelen.
Under eit møte i Birkenes rådhus i Birkeland orienterte innsatspersonell og mannskap frå Sivilforsvaret Kongen om det arbeidet som vart gjort for å hjelpe dei som hadde fått husa sine sette under vatn, og kva som vart gjort for å avgrense skadeomfanget av alt vatnet som fløymde over.
Kongen fekk òg høyre kva som vart gjort av kommunane.
Store øydeleggingar
Det var særleg område i Kristiansand og Birkenes kommunar som vart verst ramma i den første flaumen.
På veg til Birkenes fekk Kongen sjå områda som vart lagde under vatn.
Kong Harald og Kristiansand-ordførar Harald Furre besøkjer Roy Pedersen ved Kilåsen som mista huset sitt under flaumen i oktober. Foto: Tor Erik Schrøder, NTB scanpix
På Kilåsen møtte Kongen og Kristiansand-ordførar Harald Furre bebuarar som hadde fått øydelagt heimane sine av vassmassane. Store område har rasa ut, og framleis er det folk som ikkje har kunna flytte heim på grunn av øydeleggingane.
På industriområdet Tollnes vart Kongen motteken av ordfører Anders Christiansen og bedriftseigarar – der Kongen vart vist rundt og forklart kva slags skadar vatnet har påført bedriftene.
Ramma av ny flaum
Tre veker etter den første flaumen vart Sørlandet ramma av eit nytt kraftig regnvêr og flaum. Denne gongen var det særleg Tvedestrand det gjekk ut over. Hovudferdselsåra gjennom byen vart sperra da innsjøen Fjæretjenn steig med meir enn ein meter og fløymde over.
Kongen hadde uttrykt ønske om å få vite meir om korleis myndigheitene og innsatspersonellet i Tvedestrand handterte den ekstreme situasjonen med ein delt by.
Under møtet i rådhuset i Birkenes gjorde Tvedestrand-ordførar Jan Dukene og rådmann Jarle Bjørn Hanken greie for det arbeidet som vart gjort.
Matjorda skylt vekk
Kong Haralds besøk til Sørlandet vart avslutta på Rugsland, der gardbrukar Leif Johann Rugsland tok med seg Kongen ut på jordet der store delar av matjorda var vorte skylt bort.
Aktuelle saker
Dugnadsdykk i Tromsø
Den Høgvørde Kronprinsen møtte dugnadsdykkarar frå Tarevoktere og følgde deira arbeid med å fjerne kråkebollar og atterreise tareskog – eit av jordas viktigaste økosystem.
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.