Hopp til hovedinnhold

Første kvinnelege biskop i Oslo

Hans Majestet Kongen var til stades da Kari Veiteberg vart vigsla til biskop i Oslo i føremiddag. Vigslinga av Kari Veiteberg er historisk.

17.12.2017

Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo, og med hennar inngang i bispekollegiet er det for første gong like mange kvinnelege som mannlege biskopar i Noreg.

Den nye biskopen vart vigsla til tenesta av leiaren for Bispemøtet, preses Helga Haugland Byfuglien. Prestar, biskopar og kyrkjeleiarar frå inn- og utland deltok i forbønnshandlinga.

Seremonien vart halden i ei fullsett domkyrkje. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Sterk preike

Etter at Kari Veiteberg var vigsla til tenesta, leidde ho gudstenesta i ei fullsett Oslo domkyrkje. Preika hennar tok utgangspunkt i det bibelske uttrykket "ormeyngel" og at skjellsord kan få folk til å skamme seg over den dei er. – Dei som ikkje har gjort noko gale, er oftast dei som kjenner seg ramma. Det har vi sett tydelege eksempel på i det siste. Ikkje berre i Alabama, men òg her heime. Metoo-kampanjen fortel om trakassering og også overgrep i store delar av samfunnslivet, sa biskop Veiteberg frå preikestolen.


Kong Harald med preses Helga Haugland Byfuglien og biskop Kari Veiteberg etter vigslingsgudstenesta i Oslo domkyrkje. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Vanskeleg

Det vanskelege er at forteljingane sit så langt inne, meinte den ferske biskopen. Ikkje berre fordi det dreier seg om maktforhold, men òg fordi offera har kjent skam. Alle som har vore i kontakt med offer for overgrep og vald, veit at det er regelen. Offera er dei som tek ord om skam og skyld til seg, mens dei same orda tilsynelatande prellar av på dei som verkeleg har gjort noko vondt. Kyrkja må øve og prøve på det nesten umoglege: på same tid adressere urett og maktovergrep og gje kjærleik og omsorg. Begge delar, utan å svekkje evangeliet eller lova, sa den nye biskopen i Oslo.

 

Den nye biskopen i Oslo Kari Veiteberg blir vigsla i Oslo domkyrkje. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix


Under gudstenesta deltok Oslo domkyrkjes gutekor, Oslo domkyrkjes ungdomskor og Trefoldighet jentekor. Ved orgelet sat domkantor Kåre Nordstoga.

Tre biskopar

Biskop Veiteberg overtek etter Ole Christian Kvarme (69), som gjekk av tidlegare i år. Kvarme var til stades i kyrkja saman med dei tidlegare Oslo-biskopane Gunnar Stålsett (82) og Andreas Aarflot (89). Kari Veiteberg kjem frå stillinga som bymisjonsprest i Kirkens Bymisjon i Oslo.


Tre tidlegare Oslo-biskopar var til stades under seremonien: (f.v.) Andreas Aarflot, Gunnar Stålsett og Ole Christian Kvarme. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Etter gudstenesta i Oslo domkyrkje var Kong Harald til stades ved ein lunsj i Fanehallen på Akershus festning til ære for den nye biskopen.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook