Hopp til hovedinnhold

Julegudsteneste i Asker kyrkje

Kronprinsfamilien var til stades ved familiegudstenesta i Asker kyrkje i ettermiddag. Dei vart ønskte velkommen av sokneprest Tor Øystein Vaaland da dei kom til kyrkja. 

24.12.2017

Gudstenesta vart innleidd med salmen "Det kimer nå til julefest", og julebodskapen var tema for preika til soknepresten. Det musikalske stod Asker Bel Canto og songar Frida Lund-Larsen for.

Gudstenesta vart avslutta med at kyrkjelyden song "Deilig er jorden".

Etter gudstenesta bar det heim til julefeiring på Skaugum. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpixEtter gudstenesta bar det heim til julefeiring på Skaugum. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Etter kyrkjebesøket reiste Kronprinsfamilien til Skaugum, der dei feirar jula saman med familien til Kronprinsessa.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter