Hopp til hovedinnhold

Opna det nye senteret til Redningsselskapet

På Langgrunn utanfor Horten ligg den nye skolen og opplevingssenteret til Redningsselskapet – RS Noatun. Hans Majestet Kong Harald stod for den offisielle opninga i dag.

08.01.2018

Kongen klipte over det raude bandet under påsyn av Horten-ordførar Are Karlsen, tilsette og frivillige i Redningsselskapet – og barnehagebarn i strålande vintervêr.

Til å klippe over bandet fekk Kongen overrekt ei saks av Redningsselskapets Runar Iversen. Han jobbar til dagleg som redningsmann og kom til opninga inst i bukta med eit lite, raudt redningsfartøy like etter at Kongen kom klokka 13.00.


Kong Harald opnar RS Noatun på Langgrunn utanfor Horten. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixKong Harald opnar RS Noatun på Langgrunn utanfor Horten. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Senter for sjøtryggleik og maritim kompetanse

Etter den offisielle opninga ute heldt markeringa fram inne i restaurant Njord med mat, talar og vakre songar om havet av Helene Bøksle. Generalsekretær Rikke Lind avslutta talane og overrekte nøklane til senterleiar Hanne Zimmermann.

Redningsselskapet har no samla kursverksemd og opplæring i navigasjon, søk og redning under eitt tak. Om sommaren vil senteret kunne tilby ulike aktivitetar og opplæring i sjøvit til barn og unge.


Kong Harald og president i Redningsselskapet Nioclai Jarlsby ser på nybygget. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixKong Harald og president i Redningsselskapet Nioclai Jarlsby ser på nybygget. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

RS Noatun er den største enkeltinvesteringa i den 126 år lange historia til Redningsselskapet. Namnet «Noatun» er henta frå norrøn mytologi. Det var namnet på bustaden til guden Njord og ligg tett ved havet. Njord var guden som «rår over vindens gang og styrer sjø og eld», og «gjev dei som påkallar han, lykke på sjøen», skriv sagalitteraturen.

1500 redningsfolk

Å redde liv og berge verdiar på sjøen er kjernen i arbeidet til Redningsselskapet. Organisasjonen tel 1500 redningskvinner og -menn, fordelte på 50 redningsfartøy over heile landet.

Før avreise møtte Kongen åtte representantar frå Redningsselskapet – frå Frivillig land, sjøtilsette, Sjøredningsskolen og frå redningskorpset.

Kongen har følgt arbeidet til Redningsselskapet i fleire år og er organisasjonens høge beskyttar.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter