Hopp til hovedinnhold

Konferanse om marin forsøpling

– Det å halde kysten rein ved å handplukke søppel – det funkar, det er handfast og overkommeleg, sa Den Høgvørde Kronprins Haakon da han opna Hold Norge Rent-konferansen på Voksenåsen i Oslo i dag.

07.02.2018

I 2017 deltok rekordmange frivillige – 49 000 personar – på Strandryddedagen i regi Hold Norge Rent. Det vart gjennomført 2800 ryddeaksjonar – og 1400 tonn marint avfall vart rydda bort frå over 2200 kilometer kystline.

– Takk vere innsatsen til Hold Norge Rent trur eg mange opplever at dei faktisk kan bidra, sa Kronprinsen og fokuserte vidare på at noko så konkret som å rydde ei strand kunne vekkje eit større og breiare miljøengasjement for mange.

Kronprins Haakon og ordførar Marianne Borgen under opninga. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpixKronprins Haakon og ordførar Marianne Borgen under opninga. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Verdsleiande norsk teknologi

150 personar deltek på konferansen om marin forsøpling som fortset utover dagen med innlegg om Arktis, fiskeri og nordisk samarbeid.

I opningstalen sin snakka Kronprins Haakon om korleis havet er prega historia, kulturen og økonomien til landet vårt.

"Vi ber som nasjon eit stort ansvar for å halde havet friskt.

–  Havet har gjeve oss mat, arbeidsplassar og fantastiske naturopplevingar. Havbaserte næringar står for 70 prosent av norske eksportinntekter. Vi er eit av landa i verda med lengst kystline, og Norege rår over to millionar kvadratkilometer med hav. Derfor ber vi som nasjon òg eit stort ansvar for å halde havet friskt. Og vi har sjansen til å holde havet friskt, for slik å sørgje for at vi òg i framtida kan hente ut ressursar av havet – og gjennom den verdsleiande teknologien vår gå framfor i å styrkje havet si helse – samtidig som vi bidreg til å møte det stadig aukande behovet for mat og rein energi i verda, sa Kronprins Haakon.

Heidra marinbiolog

Per-Erik Schulze, fagrådgjevar i Naturvernforbundet, fekk Gullklypa 2017 for innsatsen sin mot marin forsøpling. Prisen vart delt ut av Lan Marie Nguyen Berg, byråd for samferdsel og miljø i Oslo. 

Schulze har vore aktiv i miljørørsla sidan 1987. Han er ei tydeleg nasjonal stemme og ein stor inspirator, heiter det i grunngjevinga. I 2015 etablerte han Facebook-sida «2 minutters strandrydding Norge – se hva jeg fant» og har vore ein sentral bidragsytar i ei årrekkje. Per-Erik Schulze er busett i Kragerø i Telemark.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter