Hopp til hovedinnhold

Kvinnekveld på Stovner

H.K.H. Kronprins Haakon besøkte i kveld 8. mars-arrangementet på Nedre Fossum gard på Stovner i Oslo. 100 kvinner møttest til appellar, mat, musikk – og ikkje minst kvinnedagsquiz.

08.03.2018

Kvinnene møttest i kraft av å vere kvinner, mødrer – med eit felles engasjement for barna og bydelen sin.

Tema for arrangementet var «Kvinner og utdanning», og fleire av kvinnene heldt appellar om kor viktig det er å støtte kvarandre, om utdanning som vegen til likestilling og om solidaritet med jenter og kvinner i andre land som ikkje har dei same sjansane.

Kronprinsen gratulerte

Bak arrangementet stod Stovner frivilligsentral – som blir driven av Kirkens bymisjon, i tillegg til Bydelsmødrene på Stovner og kvinneorganisasjonen Lajna Imaillah.

– Gratulerer med dagen! Fint at eg fekk komme hit til dykk. Eg føler meg gjord ære på, sa Kronprinsen i ei kort helsing på slutten av besøket sitt.

 «Likestilling er viktig fordi det er riktig – det moralske å gjere.»

I lokalet sat dei kvinnelege deltakarane på småbord med drikke og noko lett å bite i, og veggene var dekte av plakatar med påskrifter som «Utdanning starter i barnehagen», «Engasjerte kvinner skaper endring», «Utdanning – veien til likestilling» og «Time’s up».

– Moralsk og økonomisk viktig

– Likestilling er viktig fordi det er riktig – det moralske å gjere. At alle får lov til å sleppe til, og at alle får lov til å bidra. For det andre er det eit økonomisk aspekt. Dersom kvinnene i Noreg ikkje hadde fått lov til å vere med, så hadde vi ikkje fått til på langt nær så mykje. Det er mykje viktigare for norsk økonomi at kvinnene er med på å bidra og alle i samfunnet er med å bidra, enn olje- og gassinntektene til saman, sa Kronprinsen vidare.

Han roste valet av utdanning som tema for kvelden: 
– Det er gjerne det som set oss i stand til å bidra og nå potensialet vårt som menneske.

Kvinnedagsquiz

Når vart kvinnedagen 8. mars for første gong arrangert? Kvifor vart han markert? Kvifor vart datoen 8. mars vald? Kor mange kvinner kan lese og skrive i verda?

Det var nokre av spørsmåla som deltakarane svarte på i ein digital quiz via mobiltelefonane sine.

Kronprinsen og Bassa Dulo tek kvinnedagsquiz saman. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

 

Kronprinsen var ein av fleire som fekk ei innføring i historia om kvinnedagen gjennom kvinnedagsquizen. Han starta i USA i 1908 som ei følgje av kampen for kvinneleg stemmerett. 8. mars vart vald av praktiske årsaker – det var ein søndag, og da hadde flest kvinner fri til å delta i markeringa.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook