Hopp til hovedinnhold

Det Norske Samlaget 150 år

Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit var til stades under ei festframsyning i Det Norske Teatret i Oslo i kveld. Framsyninga var ein del av feiringa av 150-årsjubileet til forlaget.

28.04.2018

380 gjestar var med på å feire den nynorske litteraturen, mellom anna statsminister Erna Solberg.

Det Norske Teatret, med sjefdramaturg Carl Morton Amundsen i spissen, stod for det kunstnarlege innhaldet og har samarbeidd tett med jubilanten.

Mørk framsyning

Tre romanar stod i sentrum av den 50 minutt lange framsyninga: «Eit vintereventyr» av Jan Roar Leikvoll, «Sju dagar i august» av Brit Bildøen og «Finne ly» av Aina Bassos.

«Desse tre bøkene tek på ulikt vis for seg mørkemaktene, kva menneske kan gjere mot kvarandre. Når litteraturen tek for seg dei dunkle sidene av menneskesinnet, kan vi igjen skimte lys i fortvilinga,» skriv Det Norske Samlaget.

Sandra Kolstad har tonesett tolv dikt av Jon Fosse som klang gjennom heile framsyninga.

Møtte forfattarar

Kronprinsesse Mette-Marit møtte forfattarane Olaug Nilssen, Marit Eikemo og Alfred Fidjestøl etter at programmet på hovudscenen var slutt.

Kronprinsesse Mette-Marit helsar på styreleiar Kari Bjørke og direktør Edmund Austigard i Det Norske Samlaget. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk.

Forlaget gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

 

Kjelde: Det Norske Samlaget

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook