Hopp til hovedinnhold

Verdsarvmarkering på Notodden og Rjukan

– Telemark har en stolt industrihistorie, sa Den Høgvørde Kronprinsen på Rjukan torg i dag. Der var det fullt av feststemte barn og vaksne som ville ta del i markeringa av verdsarven.

03.05.2018

Kronprinsparet deltok i avdukinga av tre verdsarvplakettar, ein til kvar kommune i den nye verdsarvstaden Rjukan–Notodden industriarv.

Nå har Norge åtte steder på den gjeve verdensarvlisten til Unesco, sa Kronprins Haakon og viste til at Rjukan, Notodden og Vinje med denne listeinnskrivinga er i same selskap som Galapagosøyane i Ecuador og Den kinesiske muren.

Rjukan–Notodden industriarv vart innskriven på Unescos verdsarvliste i 2015, og i dag vart den historiske hendinga solid markert med folkefest i to byar.

Industrieventyret starta på Notodden

På føremiddagen besøkte Kronprinsparet Notodden, der industrieventyret starta med etableringa av Norsk Hydro og kunstgjødselproduksjonen.

På omvising i norsk industrihistorie – og ein del av verdas kulturarv. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

Første stopp var Notodden Admini, Norsk Hydros flotte representasjonsanlegg frå 1906. Kronprinsparet vart viste til kontorpulten til gründeren Sam Eyde. På grasplenen utanfor, med panoramautsikt over Notodden, fortalde verdsarvkoordinator Vicky Katarina Mikaelsen om Hydros historie.

– Industri i verdsklasse

På fabrikkområdet Hydroparken avduka Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit verdsarvplaketten for Notodden.

Fortellingen om etableringen av Norsk Hydro er også fortellingen om da nordmenns lengsel etter Amerika langsomt snudde seg hjemover – mot Notodden. Et folk i fattigdom – nylig løsrevet fra Sverige og akkurat kommet over Kristiania-krakket – ble fylt av håp gjennom det som skjedde her mellom fjellene, sa Kronprinsessa i talen sin på festplassen.

"En sum på størrelse med statsbudsjettet ble investert i etableringen. 8000 mennesker kom i arbeid på kort tid. Og det var industri i verdensklasse."

– En sum på størrelse med statsbudsjettet ble investert i etableringen. 8000 mennesker kom i arbeid på kort tid. Og det var industri i verdensklasse. Arbeiderne på Notodden har betydd mye for arbeiderne i Norge. De innførte 8-timersdagen ett år før Stortinget vedtok den i 1919, kunne Kronprinsessa fortelje.

På festplassen omkransa av store, monumentale industribygg underheldt barn frå Heddal barneskole med song. På repertoaret stod «Arven» og «Notoddensang». Fleire hundre hadde møtt opp på Hydroparken – staden der verdas første vellykka industrielle framstilling av kunstgjødsel frå nitrogenet i lufta gjekk føre seg.

Små og store var møtte fram for å ta del i verdsarvmarkeringa. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

Historie og ny aktivitet i gamle lokale

Ein 45 minutts køyretur frå Notodden ligg Mæl, som er stasjon og ferjekai på Rjukanbanen. 350 barn, kledde som rallarar, ønskte Kronprinsparet velkommen med «Rallarvise». Det vart òg ei kort omvising på jernbaneferja MF Storegut.

Framkomsten til Mæl vart send direkte på Kongehusets Facebook:



Etter lunsj på Rjukan Admini kom Kronprinsparet til Såheim kraftstasjon. Den storslegne kraftstasjonen vart bygd i 1919 og husar no alt frå Norsk Hydro til gymsal for skoleelevar.

Pølsefest på Rjukan torg

Besøket vart avslutta med folkefest, folkemusikk, kveding og gratis pølser på Rjukan torg.

Rjukan inviterte til pølsefest på torget. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix.


Kronprinsen avduka verdsarvplakettane for Rjukan og Vinje.

Dere som bor på Rjukan og i Vinje har all grunn til å være stolte og glade over å bo på et verdensarvsted. Og jeg håper hver og en vil bidra til å bringe historien om dette eventyret videre, avslutta Kronprinsen.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook