Hopp til hovedinnhold

Opna Politihuset i Tønsberg

Hennar Majestet Dronninga stod i føremiddag for den offisielle opninga av det nye Politihuset i Tønsberg. Samtidig vart det markert at alle dei nye operasjonssentralane til politiet no er tekne i bruk.

09.05.2018

Operasjonssentralen til Sør-Aust politidistrikt ligg i det nye politihuset, og han vart teken i bruk samtidig med den offisielle opninga av bygget.

Politimeister Christine Fossen tok imot og var vertskap for Dronninga under besøket på Politihuset. Sjølve opninga vart markert ved at Dronning Sonja klipte over ei snor som vart halden av to politiskolestudentar som har praksis ved stasjonen.

Dronning Sonja opnar Politihuset i Tønsberg med bistand frå Mari Ådalen Slettedal og Jan Robert Kristoffersen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Operasjonssentral for Sør-Aust 

Hovudsetet for Sør-Aust politidistrikt er lagt til Tønsberg, og i løpet av våren har politiet flytta inn i eit nytt bygg. Bygget rommar òg den nye operasjonssentralen til politiet, operasjonssentralen til brannvesenet og Statsadvokatembetet for Vestfold, Telemark og Buskerud.

Operasjonssentralen i Sør-Aust politidistrikt er den siste i rekkja av nye operasjonssentralar i Noreg. Operasjonssentralen leier og koordinerer den operative verksemda til politiet og er bemanna døgnet rundt av tilsette med høg kompetanse. Dette er den siste av 12 nye operasjonssentralar som blir tekne i bruk som ein konsekvens av nærpolitireforma – ein viktig milepåle for politiet.

Under opningsseremonien var det talar ved politidirektør Odd Reidar Humlegård, riksadvokat Tor-Aksel Busch og ordførar i Tønsberg Petter Berg.

Tønsbergs politimeister Christine Fossen får blomster av politidirektør Odd Reidar Humlegård under opninga. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Dei kulturelle innslaga stod DuoMe Enger/Flothyl og Anette Skullestad for. Bak DuoMe Enger/Flothyl står lensmann Marie Kornmo Enger i Nissedal og lensmann Trond Neri Flothyl i Vinje.

Omvising i bygget

Etter opningsseremonien fekk Dronninga ei omvising i Politihuset, og ho fekk sett den nye operasjonssentralen i bruk. Det vart tid til ei omvising og orientering i lokala til statsadvokaten og Senter for Voldsutsatte. Orienteringane vart gjevne av visepolitimeister Steina Kaasa, Nina Bjørlo frå Kriminalomsorga og førsteadvokat Anne Margrethe Katteland.

Besøket vart avslutta med ein lunsj.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook