Hopp til hovedinnhold

Historisk dag på Selja

Bjørgvin bispedøme feira 950 år i dag, og Hennar Majestet Dronning Sonja opna Kystpilegrimsleia på den vakre, grøne øya Selja i Nordfjord – Norges eldste pilegrimsstad.

08.07.2018

950-årsjubileet blei markert med ei festgudsteneste, Seljumannamesse, på Selja kloster, i ruinane av eit benediktinarkloster frå 1100-talet.

Etter 12 års arbeid er no klosteranlegget langt på veg ferdig konservert.

Gudsteneste i klosterruinar

Bergen domkor framførte vakker song i starten, og gudstenesta blei leia av biskop Halvor Nordhaug.

Dronninga las ein tekst frå Hebrearbrevet 11,39-12,3, og biskopen delte nokre tankar kring historia til Bjørgvin bispedøme og kyrkja i Noreg.

Biskop Halvor Nordhaug taler under festgudstenesta på Selja. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoff

Andre medverkande var blant andre biskop i Nidaros Herborg Finnset og biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kyrkja.

Til stades var dessutan leiar i Bjørgvin bispedøme Inger Helene Nordeide, klima- og miljøminister Ola Elvestuen og riksantikvar Jørn Holme.

Vandring til Sunnivahola

I fjellveggen bak klosterruinane finn ein Sunnivahola der St. Sunniva ifølgje legenda døydde på 900-talet.

På vegen til Sunnivahola orienterte biskop Halvor Nordhaug og riksantikvar Jørn Holme Dronninga om historia til Bjørgvin bispedøme og bevaringsarbeidet ved Selja kloster.

Dronning Sonja på veg opp til St. Sunnivahola. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoff

Hit har menneske reist i over 1000 år, for å oppleve Noregs eldste pilegrimstad og unike kulturminne.

Legenda om Sunniva var årsaka til at Olav Kyrre oppretta eit vestnorsk bispedøme med bispesete nettopp på øya Selja. St. Sunniva og St. Olav var dei to viktigaste helgenane i mellomalderen. Segna om dei var viktige under kristninga av Noreg.

Opna Kystpilegrimsleia

Etter gudsteneste og vandring opna Dronning Sonja Kystpilegrimsleia i Klostervågen. Ytre Nordfjord Brass spela ein fanfare, og Dronninga følgde opp med å avduke plaketten ved kaia.

Kystpilegrimsleia er blitt ein del Europeiske kulturvegar og er eit samarbeid mellom fem fylkeskommunar og fire bispedømer.

Vitja Selja for 50 år sidan

Selja, seinare Bjørgvin, bispedøme var eit av Noregs tre fyrste bispedømer.

Selja kloster. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoff

Bjørgvin bispedøme dekkjer i dag heile Hordaland og Sogn og Fjordane med 182 sokn i 59 kommunar.

I 1968 vitja dåverande Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900-årsjubileet for Bjørgvin bispedøme. Med på reisa var Kong Olav og Kronprins Harald. Dette var eit av dei fyrste offisielle besøka for det forlova paret.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook