Hopp til hovedinnhold

Når ein roman forandrar

Olaug Nilssens kritikarroste roman Tung tids tale blir teater i haust. I kveld er Den Høgvørde Kronprinsessa i salen når statsminister Erna Solberg møter forfattaren til samtale.

21.08.2018

Lesaren Erna Solberg møter Olaug Nilssen til samtale om korleis ein roman kan forandre liva våre – som lesarar og som samfunnsborgarar. Riksteatret sender samtalen direkte over Facebook-sidene sine:


Sjef for Riksteatret Tom Remlov leier samtalen mellom dei to, og det blir òg utdrag frå den kommande oppsetjinga.

Den store vesle boka kom ut i 2017 og vart møtt med strålande kritikkar. Boka om ei mors kjærleik og kamp for eit annleis barn fekk òg Brageprisen og fleire andre utmerkingar same år. Førstkommande fredag har teaterstykket urpremiere på Riksteatret i Nydalen.

Teater 

Framsyninga er ein samproduksjon mellom Riksteatret og Det Norske Teatret i samarbeid med Kilden Teater, og regien er ved Marit Moum Aune.

Frå Riksteatret si sesonglansering: Frå venstre skodespelarane Julie Moe Sandø, Jon Bleiklie Devik, Marianne Krogh, forfattar Olaug Nilssen, Siren Jørgensen og regissør Marit Moum Aune. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix


Riksteatret har planlagt 51 framsyningar i ulike delar av landet, og våren 2019 blir stykket å sjå på Det Norske Teatret i Oslo.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook