Hopp til hovedinnhold

Kofi Annan ført til grava

Den Høgvørde Kronprinsessa representerte Noreg da tidlegare generalsekretær i FN Kofi Annan vart gravlagd i dag. Annan vart ført til grava ved ei statsgravferd i Ghanas hovudstad Accra.

13.09.2018

Mange ghanesarar har vist Kofi Annan den siste ære i Accra Conference Centre dei siste dagane. I dag var ei rekkje statsleiarar til stades under gravferda i Accra.  

 Kofi Annan var den 7. generalsekretæren i FN. Foto: Denis Balibouse, Reuters / NTB scanpix

Kofi Annan var generalsekretær i FN frå 1997 til 2006. I 2001 vart han saman med FN tildelt Nobels fredspris for å ha revitalisert FN og bidrege til ei betre organisert og fredelegare verd.

– Kofi Annan var ein leiar med ei mild stemme, ein klar bodskap og ein utrøytteleg innsats for ei internasjonal verd prega av internasjonal lov og humanisme. Bortgangen hans er eit tap for verda, livsverket hans vil lyse også for framtidige generasjonar, skreiv statsminister Erna Solberg da dødsfallet vart kjent.

Etter tida som generalsekretær i FN arbeidde Annan som fredsmeklar, blant anna i Syria. Han leidde også organisasjonen The Elders, ei gruppe eldre statsleiarar som arbeider for fred og menneskerettar, og The Kofi Annan Foundation.

Enka etter Kofi Annan, Nane Maria Annan, legg ned ein krans under seremonien på militærkyrkjegarden Burma Camp i Accra. Foto: Francis Kokoroko, Reuters / NTB scanpix

Æresvakter ber kista med Kofi Annan, sveipt i Ghanas flagg. Foto: Francis Kokoroko, Reuters / NTB Scanpix

 

Kofi Annan døydde 18. august etter å ha vore sjuk ei kort tid. Han vart 80 år gammal.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook