Hopp til hovedinnhold

Bærekraft som konkurransefortrinn

Den Høgvørde Kronprinsregenten var måndag kveld til stades på konferansen Infinitum Think-In på Mesh i Oslo – under kveldsprogrammet som handla om miljøambisiøse prosjekt der næringslivet tek grep.

09.10.2018

«I en verden der det grønne skiftet lar vente på seg, er det heldigvis noen som tar saken i egne hender», heiter det på nettsidene til konferansen.

Målet med konferansen er å inspirere med konkrete, gjennomførlege råd og talarar som bidreg til å dytte verda i ei meir berekraftig retning.

Kombinere miljø med økonomisk lønnsemd

Cilia Indahl, berekraftsdirektør i Aker BioMarine, snakka om berekraft som konkurransefortrinn med eksempel frå Tinder og tannpuss. Emily Callahan og Amber Jackson frå Blue Latitudes fortalde om korleis selskapet gjev offshore-konstruksjonar ein miljøvennleg makeover.

På talarlista stod òg kreativ leiar Ludvig Scheja i Triwa, administrerande direktør Stein Rømmerud i Coca Cola Norge, alpinist Aksel Lund Svindal og miljørådgjevar Elin Vatn i arkitektkontoret Snøhetta, som fortalde om sitt ansvar og dei mest miljøambisiøse prosjekta sine.

Førstelektor Per Espen Stoknes ved BI avslutta kveldsprogrammet med å snakke om vår solrike framtid.

Om Infinitum Movement

Kronprins Haakon vart følgd av varaordførar i Oslo Khamshajiny Gunaratnam, Kjell Olav Maldum og Randi Haavik Varberg frå Infinitum og prosjektleiar Maria Jartman i Infinitum Movement, som står bak konferansen.

Prosjektet Infinitum Movement er eigd av Infinitum, føretaket som eig og driv panteordninga. Infinitum Movement har sidan 2014 jobba for å skape engasjement og medvit omkring pant, og klima og miljø generelt.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook