Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen til Mongolia

H.K.H. Kronprins Haakon besøkjer Mongolia 3.–6. november som goodwillambassadør for UNDP. I Mongolia vil Kronprinsen sjå på korleis aktivt lokaldemokrati er nøkkelen til å kjempe mot fattigdom i eitt av dei største landa i verda, der folk bur svært spreidd.

30.10.2008

Under det tre dagar lange besøket skal Kronprinsen møte lokale eldsjeler, politikarar, studentar og nomadar som alle på ulikt vis engasjerer seg for at Mongolia skal komme eitt steg nærare tusenårsmåla til FN.

Mongolia

Mongolia ligg i dag på 114. plass av 177 i FNs indeks for menneskeleg utvikling. Befolkninga slit med låge inntekter og mangel på bustader. Mongolia har òg store utfordringar med å gje lik tilgang til utdanning for gutar og jenter, og dessutan å få fleire kvinner representerte i politiske avgjerdsprosessar.

Mongolske styresmakter har teke dette på alvor og har innført eit nasjonalt Tusenårsmål 9 som handlar om demokratisk styresett. Dette er i tillegg til dei åtte globale tusenårsmåla, som blant anna handlar om grunnskole for alle, kamp mot sjukdommar som hiv/aids, tuberkulose og malaria, om reint vatn og ei berekraftig utvikling.

Dei har forplikta seg til å styrkje menneskerettane, sikre pressefridom og ha nulltoleranse for korrupsjon. Sidan landet har ei så spreidd befolkning, har dei òg satsa stort på desentralisering og lokaldemokrati.

Goodwillambassadør

Kronpris Haakon vart utnemnd til goodwillambassadør for UNDP i 2003. Sidan da har han besøkt Burundi, Guatemala, Sierra Leone, Kambodsja og Tanzania. Fokus for arbeidet hans for UNDP er Tusenårsmåla og kampen for å halvere fattigdommen i verda innan år 2015.

UNDP

UNDP er FNs globale nettverk for utvikling. UNDP jobbar i heile verda og samarbeider med nasjonale partnarar for å styrkje demokratia og utvikle berekraftige og legitime institusjonar som kan betre folks liv.

UNDP meiner at eit demokratisk styresett er nøkkelen til menneskeleg utvikling og kamp mot fattigdom, konfliktar, miljøøydeleggingar og hiv/aids. Til grunn for alt dei gjer, ligg menneskerettane og arbeidet for å styrkje kvinners stilling i samfunnet.

Kronprins Haakon forteller om sitt engasjement som goodwill-ambassadør for FNs utviklingsprogram UNDP under en reise til Zambia i oktober 2013. (Foto: Christian Lagaard, Det kongelige hoff)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook