Hopp til hovedinnhold

Får Petter Dass-prisen 2008

Avisa Vårt Land har tildelt H.K.H. Kronprinsessa Petter Dass-prisen 2008. Grunngjevinga frå juryen tek utgangspunkt i Kronprinsessas engasjement i utgjevinga av CD-en «Sorgen og gleden» tidlegare i år.

04.12.2008

Kronprinsesse Mette-Marit stod for utveljinga av salmane til CD-en. I omslagsheftet skildrar Kronprinsessa med eigne ord kvifor ho har valt nettopp desse salmane, og fortel korleis «salmene er et bindeledd mellom meg og Gud, og mellom meg og livet».

Juryen har òg lagt vekt på Kronprinsessas engasjement i kampen mot HIV og AIDS, innsatsen hennar for Kirkens Bymisjon og engasjementet for psykisk helse.

Petter Dass-prisen

Vårt Land deler ut Petter Dass-prisen kvart år "som en anerkjennelse til en person eller organisasjon som har bidratt til å forene folkeliv og tro på Gud og til å sette den kristne tro på dagsorden i vårt samfunn, på en jordnær og folkelig måte i beste Petter Dass-ånd".

Det er den 13. gongen prisen blir delt ut. Dei tidlegare prisvinnarane er:

  • 1995: Egil Svartdahl
  • 1996: Erik Hillestad
  • 1997: Kjell Magne Bondevik
  • 1998: Per Oddvar Hildre
  • 1999: Per Arne Dahl
  • 2000: Frelsesarmeen ved Marit Solli
  • 2001: Gunnar Stålsett
  • 2002: Lise og Ludvig Karlsen
  • 2003: Marie Aakre
  • 2004: Eyvind Skeie
  • 2006: Inger Lise Rypdal
  • 2007: Edvard Hoem

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook