Hopp til hovedinnhold

Velkommen tilbake til Dronningparken

I dag opnar Dronningparken for sesongen. Han vil vere open i tidsrommet 07.00–20.00 kvar dag fram til 1. oktober.

18.05.2020

Parken kan bli stengd i kortare periodar på grunn av arrangement i tilknyting til verksemda ved Slottet.

Stallveien er delvis stend

Vi byggjer eit nytt logistikkbygg i Stallgården. For å sikre at ingen blir skadd av anleggstrafikken, er delar av Stallveien (som går frå sørsida av Slottet, gjennom Dronningparken og ut i Parkvegen) stengd for gåande og syklande. Det er stadig mogleg å gå ut og inn frå Parkveien gjennom Stallporten, men du må gå ein liten omveg på gangstien i parken for å komme forbi det stengde området. 

Vi anbefaler alle med sykkel å velje ein annan utgang.

Hjelp oss å ta vare på parken

Oslos befolkning har dobla seg mange gonger sidan Bernt Anker anla hagen sin her på slutten av 1700-talet. I dag besøkjer tusenvis Slottsparken kvar dag. Vi ønskjer alle velkommen til parken – og ber om hjelp frå alle gjester til å ta vare på han!

Ved å følgje "parkvitreglane" bidreg du til at alle får ei fin oppleving i parken, samtidig som parken med alle sine tre og blomster blir varetatt.

Til våre parkgjester

  • Takk for at du ikkje bruker grill
  • Takk for at du ikkje lèt avfall liggje igjen
  • Takk for at du ikkje skader tre og blomster
  • Takk for at du sit på benkene i staden for å hoppe på dei
  • Og takk for at du ikkje lèt hunden gjere frå seg eller grave i blomsterbeda

Nyt parken og sommaren!

Dronningparken er ein fin stad å ta ein pust i bakken! Foto: Liv Osmundsen, Det kongelege hoffet

Lang historie

Området som i dag utgjer Dronningparken, har ei historie som park heilt tilbake til 1751. Den gongen var dette området ein del av løkka Sommerro, som borgarmeister Christian Henrik Støedt utvikla til ei lita rokokkoperle. Han fekk anlagt sirlege og symmetriske bed, omramma av frukttre, prydrabattar og nyttehage. Elles bestod løkka av åkrar, enger og fleire dammar.

I 1778 vart løkka overteken av Bernt Anker, ein velkjend skikkelse i Christianias borgarskap. Han beheldt rokokkohagen, men utvikla området rundt til ein meir naturliknande park, med tre og frukthage.

Lindealleen som munnar ut mot dagens Henrik Ibsens gate, er frå Bernt Ankers tid. No, over 200 år seinare, står han som eit minne frå det gamle Christiania og parken slik han var den gongen.

Ein del av Slottsparken

Da planlegginga av Slottet starta i 1823, byrja òg arbeidet med å kjøpe inn løkkene omkring. Hovuddelen av Sommerro vart kjøpt for 18 000 spesidalar på auksjon i 1840, og slottsgartnar Martin Mortensen innlemma han i den romantiske landskapsparken som no vart anlagd rundt den nye Kongebustaden. 

Fakta

Slottsparken på Facebook

Slottsparken har sin egen side på Facebook. Her finner du bilder av parken gjennom årstidene, innblikk i parkens historie, informasjon om nye planer og pågående arbeider.

Siden passer for alle som er glad i Slottsparken - eller interessert i hvordan en slik stor bypark drives.

Kuleløk (Allium) i Dronningparken, Foto: Liv Osmundsen, Det kongelige hoff

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook