Hopp til hovedinnhold

Gjenopna Oscarshall

I dag stod DD.MM. Kongen og Dronninga for den offisielle gjenopninga av Oscarshall. I opningshelsinga si takka Kong Harald alle som har delteke i den komplekse og omfattande renoveringa av lystslottet frå 1852.

20.08.2009

Lystslottet Oscarshall vart bygd for Kong Oscar I og Dronning Joséphine og stod ferdig i 1852. Den danske arkitekten Johan Henrik Nebelong stod for bygginga, men datidas norske samtidskunstnarar fekk viktige oppdrag. Ikkje minst er bileta måla av Adolph Tidemand og Joachim Frich sentrale i utsmykkinga.

Omfattande renovasjon

Sjølv om kunsten slottet romma, var høgt verdsett, forfall sjølve bygningen i mange år. Først i dei seinare åra har sjølve bygningen igjen fått den anerkjenninga han fortener og med dette dei nødvendige ressursane til å gjennomføre ein grundig og nødvendig renovasjon.

Eit stort og komplekst arbeid er lagt ned for å føre Oscarshall tilbake til sin opphavlege stand. Lag på lag med gammal måling og anna overflatebehandling er fjerna og ny lagd på i tråd med opphavlege fargar og teknikkar. Bygningsdetaljar, møblar og utsmykking er restaurert, måleri reinsa og førte tilbake til sin opphavlege stand.

Igjen opna for publikum

Oscarshall vart stengd for publikum hausten 2005 da arbeida på slottet starta. 26. august opnar slottet igjen for omvisingar.

- No som Oscarshall blir gjenopna, håpar eg [...] at publikum vil glede seg over dette unike nygotiske hovudverket i Noreg med sin særeigne arkitektur, interiøra og kunstskattane, sa Kong Harald i helsinga si.

Samarbeidsprosjekt

Restaureringa av Oscarshall har vore eit samarbeid mellom Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Riksantikvaren og Statsbygg og Det kongelege hoffet.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook